Semestre

UL305 Vitskapsteori og forskingsmetode

Emnekode: 
UL305
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2022 Haust
Emnenavn på engelsk: 
Special Education: Philosophy of Science and Research Methods
Emnenavn på bokmål: 
Vitenskapsteori og forskingsmetode
Eksamenssemester: 
2022 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Fullført og bestått dei første fire emna i mastergraden med karakter C i snitt.

Om emnet

Emnet handlar om det vitskaplege grunnlaget for forsking på pedagogisk og spesialpedagogisk verksemd i skule og barnehage. Det overordna målet med emnet er å ruste studentar til å kunne orientere seg i og kritisk vurdere eksisterande forsking på feltet, samt ta informerte og grunngjevne val i eiga forsking. Gjennom å utvikle brei forståing av forskingsprosess og forskingsmetode, skal emnet bidra til å danne grunnlag for å gjennomføre eit sjølvstendig forskingsarbeid.

 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har avansert kunnskap om

  • vitskapsteoriske perspektiv på kunnskapsutvikling
  • dei ulike fasene i ein forskingsprosess
  • kvalitative, kvantitative og mixed methods forskningsdesign, metodar og datagrunnlag
  • sentrale statistiske omgrep og analysemetodar
  • reliabilitet og validitet
  • forskingsetiske spørsmål 
Ferdigheiter

Studenten kan

  • analysere og forholde seg kritisk til ulike metodiske tilnærmingar til forsking
  • grunngje og argumentere fram ulike val i forskingsprosessen
  • vurdere ulike typar utval, innsamling og analysar av data ut frå kor eigna dei er til å belyse gitte problemstillingar
Generell kompetanse

Studenten kan

  • analysere relevante forskingsetiske problemstillingar
  • anvende fagområdet sine omgrep og uttrykksformer på ein nøyaktig og sjølvstendig måte
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er organisert som fem samlingar à to dagar kvar, omlag kvar fjerde veke. Ei av samlingane vil bli digital. Arbeidsmåtane vil veksle mellom førelesingar og gruppearbeid. Det vil og bli noko oppgåveløysing i statistikk. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er krav om 70 % frammøte til all undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6.

Vidare er det to (2) arbeidskrav på emnet. Begge må vere godkjende for å kunne ta eksamen. Arbeidskrava er:

  1. Oppgåve knytt til val av forskingsdesign (omfang 600 - 800 ord)
  2. Oppgåve i statistikk

Nærare informasjon om innhald, rettleiing og tidsfristar på arbeidskrava blir gitt i undervisningsplanen for emnet.

Sensorordning
Maksimumstal: 
54
Emneansvarleg: 
Stein Conradsen
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Spesialpedagogikk - master
  • Spesialpedagogikk - master (deltid)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamen
Individuell
6 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Godkjent av: 
Arne Myklebust