Semestre
UL305 Vitskapsteori og forskingsmetode
Fullført og bestått dei første fire emna i mastergraden med karakter C i snitt.
Emnet handlar om det vitskaplege grunnlaget for forsking på pedagogisk og spesialpedagogisk verksemd i skule og barnehage. Det overordna målet med emnet er å ruste studentar til å kunne orientere seg i og kritisk vurdere eksisterande forsking på feltet, samt ta informerte og grunngjevne val i eiga forsking. Gjennom å utvikle brei forståing av forskingsprosess og forskingsmetode, skal emnet bidra til å danne grunnlag for å gjennomføre eit sjølvstendig forskingsarbeid.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har avansert kunnskap om
- vitskapsteoriske perspektiv på kunnskapsutvikling
- dei ulike fasene i ein forskingsprosess
- kvalitative, kvantitative og mixed methods forskningsdesign, metodar og datagrunnlag
- sentrale statistiske omgrep og analysemetodar
- reliabilitet og validitet
- forskingsetiske spørsmål
Studenten kan
- analysere og forholde seg kritisk til ulike metodiske tilnærmingar til forsking
- grunngje og argumentere fram ulike val i forskingsprosessen
- vurdere ulike typar utval, innsamling og analysar av data ut frå kor eigna dei er til å belyse gitte problemstillingar
Studenten kan
- analysere relevante forskingsetiske problemstillingar
- anvende fagområdet sine omgrep og uttrykksformer på ein nøyaktig og sjølvstendig måte
Emnet er organisert som fem samlingar à to dagar kvar, omlag kvar fjerde veke. Ei av samlingane vil bli digital. Arbeidsmåtane vil veksle mellom førelesingar og gruppearbeid. Det vil og bli noko oppgåveløysing i statistikk.
Det er krav om 70 % frammøte til all undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6.
Vidare er det to (2) arbeidskrav på emnet. Begge må vere godkjende for å kunne ta eksamen. Arbeidskrava er:
- Oppgåve knytt til val av forskingsdesign (omfang 600 - 800 ord)
- Oppgåve i statistikk
Nærare informasjon om innhald, rettleiing og tidsfristar på arbeidskrava blir gitt i undervisningsplanen for emnet.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- Spesialpedagogikk - master
- Spesialpedagogikk - master (deltid)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Skriftleg eksamen | Individuell | 6 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter |