Semestre
UL305 Vitskapsteori og forskingsmetode
Fullført og bestått dei første fire emna i mastergraden med karakter C i snitt. Jf. studieplan for Master i undervisning og læring, opptakskrav pkt 8. I tillegg til dei obligatoriske emna UL301 og UL302 gjeld dette dei to studiespesialiserande emna i anten matematikk, norsk eller spesialpedagogikk, ULMA/NO/SP303 og ULMA/NO/SP304.
Emnet handlar om det vitskaplege grunnlaget for spesialpedagogisk/pedagogisk verksemd. I fokus står kunnskapsutvikling og forskingsmetodiske tilnærmingar (inkludert statistikk) til feltet.
Merknad til tal studentar på emnet : 18 plassar knytte til kvar av spesialiseringane i mastergraden (3x18).
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne.
Studenten har inngåande kunnskapar om
- vitskapsteoriske perspektiv på kunnskapsutvikling
- forskingsprosessen
- forskingsmetodar og datagrunnlag
- sentrale statistiske omgrep og metodar
- reliabilitet og validitet
- forskingsetiske spørsmål
Studenten kan
- vurdere ulike tilnærmingar til forsking og forskingsmetodar
- formulere seg om sentrale omgrep, element og samanhengen i ein forskingsprosess
- vurdere ulike typar utval, innsamling og analysar av data
- vurdere sentrale etiske spørsmål i forsking
Føremålet er å utvikle kritisk, overordna og konkret kunnskap om forskingsprosess og forskingsmetode. Denne kunnskapen skal vidare danne grunnlag for å gjennomføre eit sjølvstendig forskingsarbeid.
Emnet er organisert som fem konsentrerte samlingar à to dagar kvar, omlag kvar fjerde veke. Arbeidsmåtane vil veksle mellom førelesingar, gruppearbeid og oppgåveløysing i statistikk.
Det er obligatorisk frammøte til samlingane.
Eit oppgåvesett i statistikk til nærmare oppgitt tidsfrist
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Mastergradsstudium i undervisning og læring, deltid
- Mastergradsstudium undervisning og læring
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Skriftleg eksamen | Individuell | 6 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Digital eksamen. |