NOR2LSN Norsk 2, Lese- og skriveopplæring

Course code: 
NOR2LSN
2 semesters
Credits (ECTS): 
30
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Course name in Norwegian Nynorsk: 
Norsk 2, Lese- og skriveopplæring
Teaching semester: 
2024 Autumn
2025 Spring
Course name in Norwegian Bokmål: 
Norsk 2, Lese- og skriveopplæring
Assessment semester: 
2025 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen særskilde.

Course content

NOR2LSN gir ei vidareutdanning knytt til den første lese- og skriveopplæringa for 1.- 4. steg i grunnskulen. Dette studiet gir studentane eit teoretisk og didaktisk grunnlag for å drive tilpassa lese- og skriveopplæring for alle elevar, også for elevar med norsk som andrespråk. NOR2LSN er særleg relevant for deg som er utdanna barnehagelærar/ førskulelærar og som ønskjer å kvalifisere deg for arbeid som norsklærar i grunnskulen 1. - 4. steg, jf. Forskrift til opplæringslova. For deg med barnehagelærarutdanning/ førskulelærarutdanning kan altså NOR2LSN inngå som ein del av dei 60 studiepoenga forskrifta krev for å bli tilsett for undervisning i norskfaget på barnesteget (1.- 4. steg).  

For deg med lærarutdanning og 30 stp. i norsk vil NOR2LSN vere eit relevant vidareutdanningsemne som gir deg oppdatert kompetanse knytt til den første lese- og skriveopplæringa for 1. - 4. steg i grunnskulen. 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten 

  • har kunnskap om ulike teoriar og ulik didaktisk praksis knytt til den første lese- og skriveopplæringa 
  • har kunnskap om faglege tilnærmingar som kan førebyggje lese- og skrivevanskar 
  • har kunnskap om korleis ein kan fremje lese- og skriveutvikling hjå alle elevar uavhengig av fagleg nivå og språkbakgrunn 
  • har kunnskap om korleis ein legg til rette for lese- og skrivelyst  
  • har kunnskap om kartlegging og vurdering av det faglege nivået til elevane i lesing og skriving 
  • har kunnskap om kva type digitale verktøy som blir mykje nytta i lese- og skriveopplæringa 
  • har kunnskap om norskfaget som reiskaps- og danningsfag  
  • har kunnskap om ulike typar tekstar som elevane møter i den første lese- og skriveopplæringa 
Learning outcome skills

Studenten 

  • kan planlegge og leggje til rette for god lese- og skriveopplæring på 1.- 4. steg, uavhengig av nivå og språkbakgrunn hjå elevane 
  • kan bruke faglege tilnærmingar i arbeidet med førebygging av lese- og skrivevanskar 
  • kan stimulere lese- og skrivelyst i begynneropplæringa  
  • kan kartlegge og vurdere det faglege nivået til elevane i lesing og skriving, og bruke dette som grunnlag for vidare opplæring
  • kan nyttegjere seg av, og kritisk vurdere, ulike digitale verktøy i den første lese- og skriveopplæringa 
  • viser eit medvitent forhold til norskfaget si rolle som reiskaps- og danningsfag  
  • kan leggje til rette for samhandling med ulike typar tekstar i den første lese- og skriveopplæringa 
Learning outcome qualification

Studenten

  • kan bruke faglege og fagdidaktiske kunnskapar om den første lese- og skriveopplæringa til å drive opplæring i samsvar med LK20
  • kan samarbeide med medstudentar og faglærarar i utviklinga av eigen kompetanse 
  • viser sjølvstende i planlegging og vurdering av didaktiske opplegg  
  • kan bruke faglege og fagdidaktiske kunnskapar til kritisk og konstruktiv refleksjon over eigen fagdidaktiske praksis
Working and learning activities

NOR2LSN er eit studium på 30 stp. som går over eitt år, med oppstart i haustsemesteret og eksamen på slutten av vårsemesteret.
Emnet er nettbasert utan fysisk oppmøte, og med asynkron undervisning. Ein må likevel forholde seg til gitte fristar i semesterplanen, og ein er oppfordra til å vere aktivt deltakande i emnerommet. 
Studentane må vere klar over at emnet har nokre digitale møtepunkt (t.d over zoom). 
Emnet er organisert i fire modular i læringsplattforma Canvas. I kvar modul arbeider studentane med fagstoff og arbeidskrav som krev at ein reflekterer og koplar relevant teori opp mot eigen praksis. 
Studentane bør ha tilgang til PC med internett, og programvare for tekstbehandling (t.d Word). Mykje av pensum er digitalt tilgjengeleg, men noko må studentane rekne med å få tak i sjølv. 

Assessment requirements

Emnet har ingen fysiske samlingar, men det ligg 1-3 obligatoriske arbeidskrav i kvar modul.  
I tillegg skal studentane gjennomføre ei obligatorisk studieevaluering, og ein midtvegsrefleksjon levert mot slutten av første semester.  
 
Alt må vere godkjent for å kunne framstille seg til eksamen.  

Evaluation system
Evaluation

Stundentane skal gjennomføre ei obligatorisk avsluttande vurdering av studiet. Emnet vert elles evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssystem

Maximum number of students: 
100
Person in charge: 
Siri Vågene
Costs

Kr 10 000,-.

Used in other programs
  • Teaching Reading and Writing
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Portfolio
Individual
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
I eksamensmappa skal begge målformer vere representerte.
Eksamen er ein mappeeksamen der studenten leverer reviderte utgåver av to arbeidskrav frå modulane i emnet, i tillegg til ein nyprodusert refleksjonstekst.
Approval signature: 
Silje Ims Lied