NO322 Norsk som andrespråk og fleirkulturell pedagogikk 2

Course code: 
NO322
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Master
Course name in Norwegian Nynorsk: 
Norsk som andrespråk og fleirkulturell pedagogikk 2
Teaching semester: 
2025 Spring
Assessment semester: 
2025 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite courses
NO321 Norwegian as a second language and multicultural pedagogy 1
Course content

Emnet er andre del av studiet Norsk som andrespråk og fleirkulturell pedagogikk. Det faglege innhaldet i dette emnet er konsentrert om andrespråksperspektiv på utvikling av munnlege og skriftlege ferdigheiter, læring og utvikling i kulturelt mangfaldige kontekstar og antirasisme i skule og barnehage. Emnet går inn på fleirspråklegheit i eit ressursperspektiv, samanhengar mellom språk, identitet og læring og bruk av skjønnlitterære og dokumentariske tekstar for realisering av ein antirasistisk, fleirkulturell skule og barnehage.

 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten har:

  • avansert kunnskap om norsk i eit andrespråksperspektiv, andrespråkslæring og andrespråksundervisning 
  • inngåande kunnskap om utvikling av munnleg kompetanse i eit andrespråksperspektiv
  • inngåande kunnskap om skriveforsking og utvikling av skriftlege ferdigheiter i eit andrespråksperspektiv
  • brei kunnskap om samanhengar mellom kulturelt mangfald, identitetsdanning, læring og utvikling i ein fleirkulturell utdanningskontekst
  • inngåande kunnskap om korleis ein kan utvikle eit antirasistisk læringsmiljø
  • avansert kunnskap om bruk av skjønnlitteratur, lærebøker, pedagogiske opplegg i ein antirasistisk, fleirspråkleg og fleirkulturell skule eller barnehage
Learning outcome skills

Studenten kan:

  • utvikle læringsmiljøet i barnehage eller skule på måtar som er tilpassa språkleg og kulturelt mangfald
  • meistre andrespråksdidaktikk for tilpassa munnleg og skriftleg opplæring
  • nytte språkleg og kulturell kunnskap som ressurs for alle born, unge eller vaksne i eit læringsmiljø
  • førebygge og avdekke rasisme og arbeide fram relevante tiltak for å hindre fordommar og diskriminering 
  • analysere og kritisk vurdere skjønnlitteratur, lærebøker og pedagogiske opplegg i eit andrespråks- og fleirkulturelt perspektiv
  • uttrykkje seg godt på norsk i både munnlege og skriftlege faglege framleggingar
Learning outcome qualification

Studenten kan:

  • engasjere seg i og initiere utviklinga av antirasistisk og tilpassa opplæring i fleirspråklege og fleirkulturelle læringsmiljø
Working and learning activities

Undervisninga er fordelt på fem samlingar, som kvar gong går over to heile dagar. Arbeidsmåtane vil variere mellom plenumsundervising, analyse og drøfting av faglitteratur, studentseminar, gruppearbeid og utviklingsarbeid. Studentane må ha tilgang til, og kunne gjere seg nytte av, digitale kommunikasjonsverktøy. 

Assessment requirements
  • Obligatorisk frammøte på samlingane, med krav om 70 prosent frammøte
  • Ein munnleg og digital presentasjon i gruppe
  • Eit didaktisk opplegg med munnleg og skriftleg presentasjon

For å kunne gå opp til eksamen i emnet er det ein føresetnad at alle arbeidskrav er fullførte og godkjende. Det er faglærarane som godkjenner arbeidskrava. Studentar som har fått "ikkje godkjend" på eit arbeidskrav, kan få eitt nytt forsøk. Det er krav om 70 prosent frammøte til obligatorisk undervising, jf. Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 6-6.

Evaluation system
Maximum number of students: 
35
Person in charge: 
Birgitte Fondevik
Used in other programs
  • Norwegian as a second language and multicultural pedagogy
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oral examination
Individual
30 Minutes
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Approval signature: 
Silje Ims Lied