Prosjektstøtte
Høgskulen i Volda tilbyr administrativ støtte undervegs i utviklinga av eit eksternt finansiert forskingsprosjekt og i sjølve søknadsarbeidet. HVO har eit uttalt mål om å auke den eksterne forskingsfinansieringa.
Aktuelle kjelder til ekstern finansiering
Planlegging og utvikling av prosjekt
Utvikling av forskingsprosjekt kan foregå i forskingsgruppene. Når prosjektet er kome så langt at ein konkret søknad skal sendast til eksterne finansieringskjelder, kan prosjektet få såkornmidlar.
Tidleg i planlegginga må du drøfte prosjektidéen med instituttleiar og dekan for å avklare om prosjektet er i samsvar med mål og strategiar og om ressursar er tilgjengelege for prosjektet.
Søknadsstøtte
Dei som skal skrive prosjektsøknader til eksterne finansieringskjelder bør ta kontakt med forskingssjef så tidleg som mogleg i søknadsprosessen, for å få sett opp ein plan for framdrift og administrativ støtte i søknadsfasen.
Det er viktig å gjere seg godt kjent med retningslinjene for det programmet du skal søkje om midlar frå. Forskingsadministrasjonen eller FoU-konsulentane på avdelingane kan hjelpe deg med dette.
Om du har samarbeidspartnarar i prosjektet, så er det viktig at de avklarar forventningar rundt ressursar og er einige om økonomi, eigendelar og forskingstid, eigarskap til resultata, personal- og hms-ansvar.
Budsjettering
Budsjetteringa i prosjektsøknader er tidkrevjande, så det er viktig å kome tidleg i gang. Økonomikonsulentane på avdelingane kan hjelpe med dette arbeidet, men hugs å ta kontakt i god tid før søknadsfristen. Søknadene til Forskingsrådet skal innehalde eit fullstendig prosjektbudsjett som inkluderer direkte og indirekte prosjektkostnader og som er periodisert på kalenderår. Budsjettet skal deretter brytast ned i ein kostnadsplan fordelt på fire kostnadstypar (personal og indirekte kostnader, innkjøp av FoU-tenester, utstyr, andre driftskostnader), kostnadsstad (fordelt på sektorar) og finansieringsplan (t.d. bidrag frå Forskingsrådet, eigendel og bidrag frå andre samarbeidspartnarar).
Kvalitetssikring
Når det første søknadsutkastet er ferdig, bør det verte evaluert både fagleg og administrativt.
Andre kollega kan gjere den fagleg evalueringa. Ta kontakt med forskingssjef om det er naudsynt å leige inn eksterne fagpersonar til dette. Forskingsadministrasjonen vil også lese gjennom søknaden for å sjå om den svarer på utlysinga og sjekke den for formelle feil.
Ved søknader til Forskingsrådet eller Horisont Europa der HVO er prosjekteigar skal dekan på avdelinga til prosjektleiaren vere ført opp som prosjektadministrator.
Arkivering av søknader
Når du har sendt søknaden, må du sende ein kopi til forskingssjef. Vi vil arkivere søknaden i det interne arkivsystemet med avgrensa lesetilgang.