1968-opprøra i norske aviser

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

I artikkelen The Dailies in Revolts dokumenterer Werenskjold korleis dei globale protestane i det turbulente året 1968 var sett på dei norske avisenes dagsorden. Men fokuset vart først og fremst retta mot protestane i dei nordeuropeiske elitelanda og USA, og protestane i den tredje verda fekk mindre merksemd. Dei norske avisene var i stor grad eurosentriske i si dekning og sin bruk av kjelder.

Werenskjold viser også at dei norske protestane mot den sovjetiske invasjonen i Tsjekkoslovakia var langt meir omfattande og mobiliserte langt fleire sosiale grupper enn protestane mot den amerikanske krigen i Vietnam – og dei fekk dermed langt større pressedekning.

Eit overraskande funn er at den konservative avisa Aftenposten hadde den mest omfattande dekninga av protestfenomenet – og Dagbladet den dårlegaste.

f64bddf8fa506a95ded6c6267f0fd8feda1cd707

Artikkelen reiser ei rekkje kritiske spørsmål til korleis Johan Galtungs teoriar om nyheitskriterium kan brukast for å forstå kvifor protestar er godt nyheitsstoff.

Rolf Werenskjold er tilsett på Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda. Han har dei siste åra arbeidd med ei doktoravhandling om tolkinga av det globale 1968-opprøret i utvalde norske medium – både i fjernsyn og i aviser. Som ein del av dette arbeidet har han publisert fleire artiklar om emnet i norske og internasjonale tidsskrift.

c5f6d8248f7d1d0933f8343655b9f6644dce887b

Werenskjold er med i eit internasjonalt, EU-støtta nettverk for forskarar på europeiske protestrørsler etter 1945. I november arrangerte Høgskulen i Volda ein internasjonal forskarkonferanse om media og protestrørsler her i Volda, med deltaking av ei rekkje framståande forskarar som presenterte sine arbeid.

Saman med ei gruppe forskarar i det same nettverket har Werenskjold på nytt arrangøransvar for ein stor forskarkonferanse, denne gongen i Zürich, Sveits, i juni: Shaping Europe in a Globalized World? Protest Movements and the Rise of a Transnational Civil Society?

Konferansen rettar fokuset mot protestrørslene si rolle i utviklinga av dei moderne samfunna. Dei er ikkje berre eit negativt korrektiv til det etablerte i form av protestar, men er i seg sjølve ein pådrivar som bidreg til å endre samfunnet i positiv forstand. På same måte som at verda i økonomisk forstand er meir knytt saman no enn tidlegare, er også protestrørslene meir internasjonale i sin karakter.

Del på