3D teknologi i kunst- og handverksfaget

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

 – Dei fagtilsette ved seksjonen var sist veke på studietur til Høgskulen Stord-Haugesund. Der møtte vi røynde lærarane som delte kunnskapane og erfaringane sine frå praksisfeltet når det gjeld bruk 3D teknologi i faget. Det vart også arrangert ein workshop der vi fekk prøve modelleringsprogrammet Solid Works, seier Karen Brænne.

Fagfolka frå Volda fekk også møte to masterstudentane som har studert bruken av 3D modellering og 3D printing i undervisningssamanheng.

135bd168999b712d44f1df254f08adafArbeidet som er avbilda er porselen. 3D modellering blir nytta i prosessen med å teikne form på skålene, og 3D print fungerer som utgangspunkt for støypeformer i gips. Det er masterstudenten Lene Berge frå Etne som har laga kunsten. Seksjonen i Volda har no har kjøpt inn ein 3D printer.

Del på