Anne Mangen har disputert

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Rettleiar i arbeidet har vore professor Bjørn Sørenssen ved Institutt for kunst- og medievitskap ved NTNU.

Mangen er litteraturvitar av bakgrunn og i doktoravhandlinga har ho levert eit teoretisk orientert arbeid der ho blant anna utforskar kontaktpunkt og overlappingar mellom kognitiv og fenomenologisk teori. Dette er to teoritradisjonar som tidlegare i liten grad har vorte samanførte.

Området Mangen brukar teoriane på er "digitale narrative fiksjonar" – ein kan kanskje omsette det til digitale forteljande fiksjonstekster.

mangen-melding
Doktoranden forsvarar sitt arbeid.

Dekan Sverre Liestøl ved Avdeling for mediefag vart i føreordet til avhandlinga særskilt takka av Mangen.– Eg hadde sterk tru på at vi burde få eit stipend på området digitale media, seier Liestøl i dag og legg til at han er svært glad for at doktorgradsprosjektet til Mangen er gjennomført.

På doktorandmiddagen kunne rettleiar Bjørn Sørenssen avsløre at doktoranden hadde som etablert skrivemåte å innleie alle kapittel med "Ei kort innleiing om …", men desse korte innleiingane hadde ein sterk tendens til å bli svært lange. Men så snart Mangen vart gravid forsvann alle "korte innleiingar" og doktoranden vart svært så målretta og effektiv i arbeidet sitt. Ho levert den ferdige avhandlinga 15. mars i 2006 og fødde dottera si ei veke etterpå.

Avhandlinga var den fjerde som vart levert ved Avdeling for mediefag sidan 2003. Fire av fem stipendiatar som har gjennomført stipendiatperioden ved AMF har til no vorte kreert til doktor.

mangen-roppen-meld
Avdeling for mediefag heidra Anne Mangen med eit grafisk blad som vart overrekt av Johann Roppen.

 

kommisjon.meld
Kommisjon og opponent. Bak frå venstre Gunnar Liestøl, Universitetet i Oslo og Dag Svanstrøm, NTNU. Framme til venstre Marie-Laure Ryan, Colorado og Anne Mangen.

Del på