Arbeidsrapport om Norsk nettskole

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Tradisjonell institusjonsbasert grunnskuleundervisning er ikkje like lett tilgjengeleg for alle elevar i grunnskulealder. I utlandet er det såleis ei veksande gruppe elevar med norsk bakgrunn som ynskjer undervisning i eitt eller fleire av den norske grunnskulen sine fag. På same måte er det også ei veksande gruppe elevar i Noreg som av ulike grunnar har liknande behov. Tradisjonell fjernundervisning kunne ha vore eit svar på denne utfordringa, men den raske utbreiinga av IKT i skule og heim har opna for nye måtar å legge til rette for slik undervisning.

AV-senteret i Volda har fanga opp denne problemstillinga og tok i 1998 initiativ til opprettinga av Norsk nettskole som forprosjekt for fjernundervisning av norske grunnskuleelevar i utlandet og ved fådelte skular i Norge. Dette forprosjektet er blitt gjennomført i samarbeid med grunnskuleavdelinga i KUF, Nasjonalt læremiddelsenter og Statens utdanningskontor i Oslo og Akershus.

Opplæringsprosjektet er blitt gjennomført som asynkron vekeplanbasert fjernundervisning på internett, der e-post var viktigaste hjelpemidlet. Det vart også lagt ut nettsider som skulle fungere som eit informasjons- og kontaktnett for grunnskuleundervisninga i utlandet og ved fådelte skular i Noreg.

I evalueringsrapporten ser forfattarane nærare på dei erfaringane som dei involverte partane gjorde i 1999-2000. I denne perioden var i alt 49 grunnskuleelevar i utlandet og ved fådelte skular, såkalla nettelevar, med i prosjektet. Desse og foreldra deira er svært interessante informantar i denne granskinga. Kva har dei fått ut av denne forma for opplæring i faga KRL, norsk og samfunnsfag? Er opplæringa som Norsk nettskole gir i samsvar med sentrale intensjonar i L97? Slike spørsmål prøver denne rapporten å finne svar på.

Arbeidsrapport nr.104: Norsk nettskole. Evaluering av opplæringsprosjektet "Fjernundervisning av grunnskoleelever" 1999-2000. Av Johannes Holstad, Eivind Indresøvde og Birger Løvlie.

Del på