Arnfinn Kjelland med i stort nasjonalt forskingsprosjekt

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Dataprogrammet Busetnadssoge (forkorta BSS), som Historisk institutt ved Høgskulen i Volda og Volda kommune har vore med på å utvikle, er brukt i mange kommunar med stort hell. Dette er bakgrunnen for at historikaren Kjelland er med i eit stort nasjonalt prosjekt som nyleg fekk 2 mill. kr i støtte frå Noregs forskingsråd. Prosjektet har tittelen A Longitudinal Historical Population Register for Norway.

Mellom samarbeidspartnarane er Riksarkivet, Statistisk sentralbyrå, Folkehelseinstituttet, universiteta i Oslo og Tromsø og Norsk lokalhistorisk institutt. Midlane skal brukast til eit forprosjekt som skal førebu det store hovudprosjektet: Å etablere ein historisk befolkningsdatabase for Noreg, frå om lag år 1800 fram til i dag.

–  At historiske befolkningsdata vert digitaliserte og gjort tilgjengelege i ein slik database, vil ha svært mykje å seie både for forskarar, studentar og folk flest – ikkje minst dei mange som er glødande interesserte i slektsgransking, seier ein engasjert Kjelland. – Rett nok vil dei ikkje få tilgang til det nyaste materialet; det vil av personvernomsyn vere like godt verna som i dag. Men det vil t.d. kunne forskast på arvelege sjukdomar på ein heilt annan måte enn no.

I prosjektet ligg det òg inne planar om å etablere samarbeid med det store lokalhistorie- og slektsgranskingsmiljøet i Noreg.

I den samanheng kan lokalhistoriewiki.no bli eit bindeledd. Det er  ein nettstad for m.a. lokalhistoriske leksikonartiklar og kjeldearkiv som Norsk lokalhistorisk institutt (NLI) driv, men der artiklane blir skrive av friviljuge med interesse og kompetanse innafor dei felta leksikonet dekkjer.

Dei som er nysgjerrige på lokalhistoriewiki.no, kan sjå fram til Forskingsdagane 2009 i Volda.
858c47bf1a302744d85f014c74d55abcae3194a6

Tysdag 22. september blir det eit eige arrangement der Arnfinn Kjelland vil presentere lokalhistoriewiki.no.

Del på