Birger Løvlie og Jan Ove Ulstein tilkjent dosentkompetanse

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Ei dosentstilling er likestilt med ei professorstilling, men har eit litt anna innhald. Når høgskuleleiinga tek imot søknader om opprykk til dosent, vert det oppnemnt ein fagleg kommisjon på same måten som ved vurdering av professorkompetanse. I vurderinga kan kommisjonen leggje vekt på framifrå undervisning, utarbeiding av undervisningsmateriell, formidling, samfunnskontakt og liknande.

4075a0807d125c617e5bab7c0750d36c109263ac
Dosent Birger Løvlie.

Frå kommisjonsvurderingane

Løvlie vart vurdert og fekk dosentkompetanse på grunnlag av doktoravhandlinga Kirke, stat og folk i en etterkrigstid og fleire bidrag til nyare norsk kyrkjehistorie. Det er lagt vekt på at nokre av bidraga er utført i samarbeid på tvers av faglege og nasjonale grenser, med "tankevekkende og markante innslag av kulturanalyser, som viser nærkontakt med kultur- og samfunnslivet i de perioder han henter sitt materiale fra".

Om Jan Ove Ulstein blir det m.a. skrive: "Hans forfatterskap ligger på et høyt nivå og spenner over et meget vidt felt. Ulstein fremstår som en velorientert og reflektert teolog. Han har lite egen forskning å vise til. Derimot har han en tung merittliste når det gjelder faglig utviklingsarbeid og pedagogisk erfaring både i teori og praksis. Han har også verdifull erfaring fra lederposisjoner i akademisk og kirkelig sammenheng."

a5ff8a712aa951bda0a728c6863d97be62614fe3

Dosent Jan Ove Ulstein.

Styrevedtaket

I samsvar med innstillinga frå høgskuledirektøren gjorde styret ved Høgskulen i Volda følgjande samrøystes vedtak: Birger Løvlie får godkjent personleg opprykk med tittel og løn som dosent i nyare norsk kyrkje- og kristendomshistorie, med verknad frå 1.7.2008. Jan Ove Ulstein får godkjent personleg opprykk med tittel og løn som dosent i systematisk teologi, med verknad frå 1.8.2008.

Del på