Bjørg Nesje Nybø har disputert ved Universitetet i Oslo

Tekst: Geir Tangen

- Oppdatert

Historia til nynorsken er ikkje eineståande. I Irland har dei eit eige språk, irsk, som går langt tilbake i tid både som skriftspråk og talespråk. Språket heldt på å døy ut då dei tok til å ta det i bruk att som skriftspråk seint på 1800-talet, om lag samstundes med at nynorsken vann fram i Noreg. Kva likskapar finn vi så mellom desse to skriftkulturane, den nynorske og den irske? Korleis fekk dei si moderne rettskriving og kva litteratur tok til å komme ut på dei to skriftspråka? Og korleis blei statusen deira nedfelt i lovverket? Mykje er likt om ein ser på perioden frå ca. 1850–1970. Ein del av dette skuldast tendensar i tida, som nasjonalromantikk og industrialisering. Men mykje er også ulikt. Skuldast dette meir nasjonale tendensar eller er det berre ulike måtar å angripe tendensar i tida på? Slike spørsmål er det avhandlinga tek opp. Noko av det som er svært ulikt, er korleis dei to språka fekk si moderne rettskriving. I Irland var dei svært opptekne av at det irske språket måtte ta vare på det irske og at ein difor måtte halde seg til ei gammal rettskriving og eigne irske bokstavar. Dette prega lenge debatten og førte til at det tok svært lang tid før dei fekk på plass ei moderne rettskriving. Enkelt sagt hadde dei ingen Ivar Aasen til å leie dei i eit slikt arbeid, eit arbeid som i Noreg var mykje meir prega av ei moderne ånd og blei ein lekk i arbeidet med å demokratisere folket.

Bjørg Nesje Nybø har vore stipendiat ved Ivar Aasen-instituttet for språk og litteratur, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, Høgskulen i Volda.

 

Presentasjon av doktorgradsprosjektet på nettsida til Universitetet i Oslo.

afca0920a4517cba8430fe6be552eb2f
Bjørg Nesje Nybø.

Del på