Bjørg Olsen Eikrem si avhandling utgitt på tysk forlag

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Gjennom ein studie av ei gruppe engelsklærarar – sett i lys av Læreplanverket for den 10-årige grunnskolen (L97) – har Eikrem for det første undersøkt kva slags oppfatningar lærarane har av engelskundervisning, og kva haldningar har dei til læring i faget. Og for det andre: Kva slags dilemma inneber desse oppfatningane og haldingane for lærarane, og korleis snakkar dei saman om det å undervise i faget?

Eikrem søkjer å få fram eit klarare bilete av engelskundervisninga og å sjå med kritiske, men konstruktive auge på det biletet som teiknar seg. Moglege konsekvensar for lærarane si utdanning og etterutdanning innafor engelskfaget står sentralt.

Bjørg Olsen Eikrem er førsteamanuensis ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning. Ho har lang erfaring med grunnutdanning og etterutdanning av engelsklærarar.

9e2d9068978224d4a115c1fe2a06a37520b58f7c

Sidan 2007 har ho vore med på eit stort forskingsprosjekt ved Høgskulen i Volda – KiO: Kvalitet i opplæringa - om tilpassa opplæring. Hovudmålet med prosjektet er å få større kunnskap om korleis kvalitet i undervisninga er forstått, praktisert og opplevd i skulen ut frå perspektiv knytt til omgrepet tilpassa opplæring.

Første del av prosjektet er ei kvantitativ datainnsamling som m.a. gir eit bilde av arbeidsmåtar og tidsbruk i fleire sentrale skulefag, også engelsk. I ein av nærstudiane i andre del av prosjektet vil Eikrem sjå nærare på engelskfaget og tilpassa opplæring.

I tillegg til Eikrem er ei rekkje HVO-tilsette frå fagmiljøa engelsk, matematikk, norsk og pedagogikk med på forskingsprosjektet.

Bjørg Olsen Eikrem:
Teaching English as a foreign language in the 21st century: Perceptions, attitudes, dilemmas, types of talk and educational needsda50fbb5df4d7aa0a375c92dd3b50b58adc7877b. VDM Verlag Dr. Müller. 376 s. ISBN 978-3639150124

Del på