Byjenter i bakleksa

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Professor Kåre Heggen ved Høgskulen i Volda/Møreforsking seier at utkantjentene vel høgare utdanning som ein veg til sjølvrealisering. - Utdanning er ein måte for utkantjentene å frigjere seg på, og å setje seg i stand til å velje ein attraktiv livsstil i det miljøet dei vil. Utan høgare utdanning vert det vanskeleg å lausrive seg frå lokalmiljøet, seier Heggen

For jenter i byane er det andre vegar til realisering og frigjering. Dei er allereie etablerte i eit stort og variert ungdomsmiljø. Heggen peikar også på ein arbeidsmarknad i rask endring som eit viktig moment. - Variert erfaring, reising, arbeidspraksis, språkkurs er alle moment som kanskje gjev like godt betalt på arbeidsmarknaden som lang utdanning, seier Heggen. Han ser på byungdomen si relativt svake satsing som eit signal på meir omfattande endringar av utdanningssystemet.

Denne utviklinga representerer noko heilt nytt i norsk utdanningshistorie. Gjennom heile 1900-talet har satsing på høgare utdanning vore klart sterkast i sentrale strok. Samanlikna med andre vestlege land, er utviklinga i Noreg unik. I andre vestlege land er det framleis slik at ungdom i sentrale strok satsar mest på høgare utdanning. Professor Heggen meiner at eit bra utbygd skuletilbod, også i periferien, kan vere ei av årsakene til denne utviklinga i Norge.

Desse opplysingane har kome fram som eit resultat av studiar utført av professor Kåre Heggen, som ein del av ei nordisk forskargruppe, støtta av Nordisk Ministerråd.

For meir utfyllande informasjon, kontakt:

Kåre Heggen
Professor
Høgskulen i Volda/Møreforsking Volda
Tlf: 70 07 52 16
Privat: 70 07 64 33
E-post: kare.heggen@hivolda.no

Reidun Høydal
Forskingskoordinator
Høgskulen i Volda/Møreforsking Volda
Tlf: 70 07 52 09
Privat: 70 07 87 92
E-post: rh@hivolda.no

Del på