Dobbeltblikk på Vesaas

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Dobbeltblikk på Vesaas er også eit festskrift. 1. november 2009 fylte professor i nordisk litteratur ved NTNU, Steinar Gimnes, 70 år. For å heidre Gimnes og samstundes understreke hans livslange interesse for Tarjei Vesaas' forfattarskap, ynskjer kollegaer og venner å gje han eit festskrift om nettopp denne forfattarskapen. Antologien inneheld tolv nyskrivne artiklar av litteraturforskarar som både kjenner Steinar Gimnes og som er fortrulege med Vesaas' forfattarskap. I tillegg er det med seks eldre artiklar skrivne av Gimnes sjølv slik at også hans stemme kling med.

I tillegg til å vere redaktør er Rakel Christina Granaas også med som forfattar i antologien. Saman med medredaktør Paulson har ho skrive innleiingskapitlet "Veien til livsverket". I tillegg har ho skrive artikkelen "Kroppar på randa, i rommet. Tarjei Vesaas' Vårnatt (1954)". Granaas har dei siste åra publisert fleire vitskaplege artiklar om Tarjei Vesaas (sjå nedanfor). 

Granaas fortel at ho har interessert seg for Vesaas' forfattarskap sidan tenåra: -Tekstane hans er poetiske, enkle og kompliserte på same tid. Vesaas skriv ofte om barn i ekstreme situasjonar, og han tøyer grensene for det "normale" og det som let seg kommunisere. I "Vårnatt" står fjortenåringen Hallstein på terskelen til vaksenverda. I løpet av nokre få timar gjennomgår han ei endring som knyter seg til ein uvanleg familie som ber om husrom fordi bilen deira har fått motorstopp. Den eksistensielle tematikken er skriven fram gjennom Vesaas' framstilling av kroppar: fødsel og død, rørsler, sjukdom og særskilde karakteristika pregar kommunikasjon og relasjonar.

 fac6fc0ab4b6493d32398cd3190011412ff4f50c

Omtale av Dobbeltblikk på Vesaas:


"Tarjei Vesaas' forfatterskap kjennetegnes av en spesiell evne til å underliggjøre det kjente. Han gir språk og bilder uventede kast, og tvinger på denne måten fram nye erkjennelser om tilværelsen. Denne antologien trekker fram hittil lite eller kritisk omtalte deler av forfatterskapet. Vesaas' repetitive skrivemåte, det visuelle aspektet og hans utforskning av tid framheves i flere av artiklene.

Andre tar for seg forfatteren Vesaas og den historiske konteksten som påvirket hans diktning. Dobbeltblikk på Vesaas kjennetegnes dermed av et dobbeltblikk der både tekst og liv er relevante innfallsporter til forståelsen av det Steinar Gimnes kaller 'det vesaaske vassmerket'. Bidragsyterne viser spennet mellom samfunnsengasjement og eksistensielle vilkår, angst og fascinasjon og det hjemlige og det fremmede hos Vesaas." (Tapir akademisk forlagda50fbb5df4d7aa0a375c92dd3b50b58adc7877b)
         

Andre artiklar av Rakel Christina Granaas om Tarjei Vesaas:

  • "Andsynes andletet: Barnet og rørslene i 'Hesten' av Tarjei Vesaas". I Krysninger. Nye perspektiver på moderne nordisk lyrikk. (2008)
  • "I begynnelsen var barnet: Tarjei Vesaas' debutroman Menneskebonn (1923)". I Norsk Litterær Årbok. (2006)
  • "The Body and Nobody in Tarjei Vesaas's Novel The Ice Palace". I Edda. Nordisk tidsskrift for litteraturforskning. (2004)
  • "Barnet som krisebærer: Refleksjoner omkring Is-slottet". I Kunstens fortrolling. Nylesingar av Tarjei Vesaas' forfattarskap. (2002) 
  • "Tarjei Vesaas' kunstnernovelle 'Den ville ridaren'. Barnet, sykdommen og diktningen". I Eit ord – ein stein. Studiar i nynorsk skriftliv. (2000)

 Sjå også publikasjonslistada50fbb5df4d7aa0a375c92dd3b50b58adc7877b til Rakel Christina Granaas i Forskdok.

Del på