Doktoravhandling om Orkla Media

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

1067000331
Johann Roppen disputerer ved Høgskulen i Volda

Opponentar:

  • Professor Karl Erik Gustafsson, Handelshögskolan vid Göteborgs Universitet
  • Professor Trine Syvertsen, Universitetet i Oslo
  • Professor Martin Eide, Universitetet i Bergen

Disputasen går ved Høgskulen i Volda der Roppen også er tilsett som førsteamanuensis i journalistikk.
Rettleiar på avhandlinga har vore professor Helge Østbye. Disputasen vert leidd av dekanus professor Alf Erling Risa ved SV-fakultetet ved Universitetet i Bergen.

Avhandlinga handlar om korleis Orkla Media i åra 1985-2000 voks fram som eit av Nordens største og mest aggressivt veksande mediekonsern gjennom oppkjøp av borgarlege lokalaviser. Den raske ekspansjonen til Orkla Media er ei norsk og nordisk avspegling av globale konsentrasjonstendensar der medieindustrien blir tettare integrert i næringslivet medan medias tradisjonelle kopling til politikk blir svekka. Denne nyorienteringa mot økonomi set også sentrale mediepolitiske og journalistiske verdiar under press og dette er ein pågåande og langt frå sluttført prosess.

Avisredaktørane har ei nøkkelrolle i denne utviklinga ved at dei står både som garantistar for redaksjonell fridom og sjølvstende, men er samstundes ein del av konsernets leiarkorps. Studien er fokusert på Orklas noverande og tidlegare redaktørar i skjeringspunktet mellom lokalsamfunn, parti, journalistikk og konsern.

Empirisk sett bygger avhandlinga på ein kombinasjon av intervju med redaktørar i Orklas aviser og kasusstudiar av dei same avisene.

Tema for prøveførelesing er "Staten, konsernet og redaktørene. En kritisk oppdatering."
Prøveførelesinga vil gå ved Høgskulen i Volda, Berte kanutte-huset, Store aud., klokka 09.15.
Disputasen vert halden klokka 12.15, også i Store aud.

Sjå også:
http://www.moreforsk.no/volda/nytt/roppen_avhandling.htm eller
http://www.moreforsk.no/volda/nytt/roppen_avhanding.pdf (2 Mb) 

Avhandlinga er tilgjengeleg i trykt form frå:
Institutt for medievitskap
Universitetet i Bergen
PB 7800
5020 Bergen
Tlf. 55 58 91 00
post@media.uib.no

Ta kontakt med Johann Roppen

Del på