Doktordisputas: Marie Nedregotten Sørbø

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Jane Austens romanar er sterkt farga av ei ironisk forteljarstemme, og ein kritisk distanse til eiga verd. Ironien rammar foreldre og presteskap, kjønnsroller og klassesamfunn, og ikkje minst ekteskapsmarknaden slik ho kjenner han. Men dette aspektet kjem påfallande lite fram i filmtolkingane, hevdar Marie Nedregotten Sørbø i ei ny avhandling.

Austens forfattarskap har vore ualminneleg populært som kjelde for film og fjernsyn i sytti år; ikkje minst sidan midten av 90-talet. I avhandlinga Jane Austen's Irony as Received in Film Adaptations har Sørbø stilt spørsmål om korleis Austen blir oppfatta av filmskaparar og publikum, samanlikna med korleis ho blir forstått av lesarane.

Sørbø undersøker korleis Austens ironiske forteljardistanse fungerer, og i kva grad og ved kva metodar filmskaparar brukar filmatiske verkemiddel for å oppnå det same. Ved nærlesing av to romanar og sju filmar har ho funne ein gjennomgåande tendens til å utelate eller omtolke det ironisk-kritiske ved bøkene. Med nokre slåande unntak ynskjer dei fleste filmskaparane å idyllisere Austens verd. Austens kritiske distanse til patriarkat eller overklasse blir ofte til nostalgisk fascinasjon på skjermen. Og hennar konsekvente skepsis til romantiske eksessar blir til vakre romansar.

Sørbø viser også korleis Austen-stereotypiane i filmverda stammar frå trekk ved den generelle mottakinga av forfattarskapen over to hundre år. Idylliserande tolkingar er ikkje noko nytt, men har fått særskilt kraft gjennom den estetiske nytinga filmane gir.

 Meir informasjon om disputas og prøveforelesing på nettsidene til UiO.

Marie Nedregotten Sørbø er førstelektor ved Institutt for språk og litteratur ved Høgskulen i Volda. Ho underviser i engelsk litteratur og har vore tilsett ved høgskulen sidan 1989. I 2007 kom boka The Reception of Jane Austen in Europe, der Sørbø har skrive kapitlet om Austen-resepsjonen i Noreg. Boka er resultatet av eit internasjonalt forskingssamarbeid for å finne ut meir om korleis Austen har vore mottatt og brukt i ulike land, og Sørbø var einaste norske medforfattar. Boka kom ut på Continuum forlag i London og høyrer med i eit stort og prestisjetungt europeisk forskingsprosjekt initiert av British Academy – med redaktørar frå det britiske akademiske miljøet og bidrag frå europeiske universitetsfolk.

Del på