Ei Kina-reise som enda med bok

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

2ce1d32fcaf34e7b9b39fa02531470ec

Redse, som i dag er professor i RLE-didaktikk ved Høgskulen i Volda og professor i misjonsvitskap ved Fjellhaug Internasjonale Høgskole i Oslo, flytta til Hong Kong i 1983 for å arbeide som misjonsprest. Der vart han kjend med nykonfutsianismen (den moderne greina av konfutsianismen), som kan omtalast som ein religiøst farga moralfilosofi der målet er å bli eit heilagt menneske gjennom det som vert kalla «sjølvkultivering». Dette sto i kontrast til slik ein er van med å tenkje i kristen teologi.

Likskapstrekk og kontrastar

– Kina og kinesiske kontekster elles – som Singapore og Taiwan – er i stor grad påverka av konfutsiansk og nykonfutsiansk etikk og moral. Det same gjeld Japan og Sør-Korea. Kristen teologi vil også kunne operere med ei slags moralsk kultivering, då heller omtala som «rettferdiggjering» og «heilaggjering». Men ein forstår denne som eit resultat av Guds nåde heller enn som ein prestasjon av sjølvkultivering i eiga kraft. Her ser vi altså både likskapstrekk og kontrastar mellom dei to tradisjonane, fortel Redse.

Likskapstrekka og kontrastane er sentrale element i boka «Justification by Grace Alone» Facing Confucian Self-Cultivation: The Cristian Doctrine of Justification Contextualized to New Confucianism, som han nyleg har gitt ut på det anerkjende forlaget Brill.

0ee5bc9d760e39d139799a5f2cec63e3

Ifølgje Redse skaut nykonfutsianismen for alvor fart på byrjinga av 1950-talet, først og fremst blant filosofar som flykta frå Kina til Hong Kong etter revolusjonen i 1949. Konfutsianismen har sitt utspring i Kina om lag 500 år før Kristus.

Likskapane og kontrastane mellom kristen teologi og den konfutsiansk-kinesiske kulturen har danna utgangspunkt for samtalar mellom dei to tradisjonane.

– Teologar og kyrkjer i den kinesiske kultursamanhengen vil måtte spørje seg korleis ein taklar både likskapane og kontrastane. Nykonfutsianske filosofar har på si side lenge vore interesserte i samtalar med kristne teologar om desse spørsmåla. Sidan slutten av 1980-talet har det funne stad mange konferansar og blitt etablert ei rekkje dialogar mellom dei to tradisjonane, seier Redse.

Den første konferansen kom i stand i 1988 i Hong Kong, medan Redse arbeidde der som misjonsprest. I etterkant av konferansen kom han over ei bok der foredraga frå konferansen var samla. Då vart interessa for alvor tent.

Kastar nytt lys

I 1995 tok Redse til med å samle inn litteratur om temaet. Det vart til ei doktoravhandling med disputas i 2006.

– Frå kristent hald er ein spesielt opptekne av korleis ein – om mogeleg – kan semjast om ein plass for tanken om Guds nåde i det som ein i teologien omtalar som «rettferdiggjering» og «heilaggjering». Samstundes er ein opptekne av korleis den kristne teologien om desse sakene kan bli utdjupa i møtet med den konfutsianske tenkinga. I omsetjinga til kinesisk av dei kristne omgrepa knytt til desse læreelementa, vil ein i stor grad måtte nytte kinesiske ord for opphavleg konfutsianske omgrep. Dette kastar nytt lys over dei kristne omgrepa. Element som tidlegare låg der mest implisitt, kan då i møte med konfutsianske kontekstar kome tydelegare til syne og få nytt lys over seg, seier Redse.

Etter doktoravhandlinga har Redse arbeidd vidare med teamet. Og no 20 år etter at han henta inn den første litteraturen, sit han med ei gjennomarbeidd bok i hendene.

– Det har vore ein lang veg frå 1995, men med fleire år der eg ikkje har gjort noko med dette prosjektet.

Ikkje ferdig?

Boka er utgjeven i Brill-serien Studies in Systematic Theology. Ein av redaktørane for denne serien er professor i systematisk teologi ved Universitetet i Helsinki, Miikka Ruokanen. Han er også skolert i kinesisk språk og religion og sat i kommisjonen som vurderte Redse sin søknad om opprykk til professor i misjonsvitskap.

– Ruokanen ønskte ei vidareføring av doktoravhandlinga, som kunne inkludere nyare arbeid på feltet enn litteratur publisert fram til 2000. Avhandlinga inkluderte ikkje kjelder publiserte etter 2000. I boka har eg inkludert og drøfta arbeid fram til 2009.

Men Redse er ikkje sikker på om arbeidet som no har gått over 20 år, er ferdig.

– Eg reknar med at det kan kome ein del respons frå nykonfutsianske filosofar og kinesiske kristne. Eg underviste ved eit teologisk seminar (presteutdanning) i Hong Kong då eg var der, og det er fleire der som kjenner til arbeidet mitt. I tillegg veit eg at det er fleire fagfolk elles i Aust-Asia som kjenner til det og kan ha spørsmål dei vil reise.

pressefoto

Arne Redse

Del på