Ein digital læringsrevolusjon

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Dei er «internautar» - digitalt sjølvsikre og langt meir komfortable med innovasjonen Internett enn foreldregenerasjonen. Dei har bestått «blekkflekktesten», det vil seie korleis ein oppfattar Internett, og har skjønt at Internett kan vere noko meir enn berre ein søppeldunge av informasjon og skumle nettsider.

Dei skriv, dei søkjer, dei konstruerer kunnskap, dei kommuniserer, dei spelar, dei finn digitale læremiddel, dei prøver ut identitetar og har i det heile eit mylder av bruksmønster i dette mangfaldige innhaldslandskapet. Internett er den sveitsiske armékniven deira, eit mangfaldig verkty som dei har i sin kulturelle ryggsekk på lærings- og danningsreisa si i informasjonssamfunnet. Medan vi vaksne framleis slit med tunnelsyn og ser berre skumle uhyre på blekkflekktesten, surfar dei unge av garde og tileignar seg ein viktig kulturteknikk. Parkert på sidelinja står vi og leitar etter første og siste sida på Internett og lurer på kvar dette skal ende. .

Les med på BT sine sider.

Del på