Ekte leik og spontanidrett i skulen

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

- Dette er ein plan som skular kan nytte for å betre barn si totale utvikling, seier førsteamanuensis Flemmen frå Høgskulen i Volda. I heftet Ekte leik og spontanitet inspirerar han skular til å skape eit aktivt ute miljø.

- Fri leik er grunnlaget for ei stimulerande utvikling hjå barn, forklarar Flemmen. Eigen-drift-verksemd gjennom spontan sosial leik forklarar han som vår naturgitte, indre motivasjon for å meistre grunnleggjande aktivitetar.

 

1053434062

Barna sin eigen leik

I motsetnad til organisert aktivitet, dreve av andre, er ekte, spontan leik sentralt i barn si utvikling. Ekte leik er barna sin måte å leve på, der dei sjølv avgjer kva dei skal leike, kvar, korleis og med kven denne leiken skal gå føre seg. I denne samanhangen er eit utfordrande ute miljø avgjerande.

 

- Den frie leiken er annleis enn den tradisjonelle idretten ved at den er spontan, og at reglane ikkje er sette på førehand. Den spontane, sosiale leiken er barna sin eigen. Det er dei som avgjer, organiserer og lagar reglar. Gjennom reglane skapar dei ofte ei fordeling mellom dei som tek del slik at resultatet ikkje er gitt på førehand. Det fører til at barn på ulike utviklingsnivå finn meining i å leike saman, forklarar Flemmen.

 

Flemmen si forsking i Volda har vore modell for fleire anlegg. Ved Skudeneshavn skule og fritidspark på Karmøy har dei lagt ut sine erfaringar frå arbeidet på sine heimesider.

 

I aritkkelen ”Hvem berøver barna barndommen - toppidrettssjefen eller skolepolitikerne?” frå www.utdanning.ws gir Flemmen temaet også ei vinkling frå eit skulepolitisk perspektiv. ”

 

Skileik er også eit anleggskonsept bygd på erkjenninga av fenomenet Ekte leik og spontanidrett frå Flemmen. Adressa er www.skiforbundet.no/skileik

Les også heile rapporten Ekte leik og spontanidrett. Du kan lasta denne ned som eit pfd.dokument og les deg gjennom Acrobat Reader.


Del på