Elevutvikling og skulens læringskultur i praksis

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Roy-Asle Andreassen og Siv Måseidvåg Gamlem har begge arbeida med skulevurdering gjennom fleire år. Andreassen har fokusert på skulevurdering med leiing og kvalitetsutvikling som sentrale tema. Måseidvåg Gamlem har forska på elevvurdering, og tema for doktorgradsprosjektet hennar er "Tilpassing, differensiering og elevmedverknad i eit læringsperspektiv: Klasseromspraksis og muligheit for læring på ungdomstrinnet".

Begge er med i nasjonale nettverk som arbeider med å vurdere norsk skule. Gjennom nettverka vart Andreassen og Gamlem medforfattarar av eit kapittel i boka "Vurdering, prinsipper og praksis. Nye perspektiver på elev- og læringsvurdering", utgitt av Gyldendal Akademisk.

Erfaringar frå praksisfeltet
Andreassen og Gamlem har arbeida aktivt med skulevurdering ute i kommunane i Møre og Romsdal. Det er desse erfaringane som vert presentert i kapittelet gjennom drøfting av skulens arbeid med vurdering i eit læreplan-teoretisk perspektiv.

– Vi er oppteken av utvikling i praksisfeltet, og har fokusert mindre på teoriutvikling. Ein må sjå på den heilskaplege utviklinga av skulens læringskultur, seier Andreassen.

Du kan lese meir om boka her:

6f2435e5d2a1ee0b578012758539cbfb152901c5

Del på