Evaluering av KRL-faget

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Rapporten Et fag for enhver smak? er eit resultat av eit samarbeid mellom Høgskulen i Volda v/ professor Aadnanes og Diaforsk (forskningsavdelinga ved Diakonhjemmets høgskolesenter). Oppdragsgjevar er Norsk forskingsråd.

Pressekonferanse
Rapporten frå HVO og Diaforsk samt ein tilsvarande rapport frå Norsk Lærerakademi, vart overleverte til KUF v/statsråd Giske under ein pressekonferanse i går. Fleire dagsaviser har i dag oppslag om dette (m.a. Aftenposten og Dagsavisen). Det var også eit innslag i Dagsnytt 18 i går.

aadnanes
Professor Per Magne Aadnanes

Om evalueringsarbeidet
- Det skulle evaluerast korvidt KRL-faget, og fritaksordninga knytt til det, i praksis har fungert i samsvar med intensjonane og foreldreretten. Både premissgrunnlaget for faget (i lov, læreplan osv.) og undervisninga i faget, vart granska. Skular frå ulike landsdelar vart valde ut, der både foreldre og lærarar vart intervjua, seier Aadnanes.

Professor Aadnanes fortel at granskinga avdekka for det første at fagprofilen kunne variera mykje i praksis. Samstundes viser analysane av premissgrunnlaget visse spenningar mellom ulike intensjonar for faget, noko som kan forklara den variable praksisen. Granskinga avdekka også at den avgrensa fritaksordninga vart svært ulikt praktisert, og ofte meir restriktivt enn naudsynleg.

- Men vi peikar også på at sjølve regelverket er uklårt og at ordninga som heilskap problematisk å praktisera både frå skulen og foreldra si side. Endå om forskargruppa vår ikkje vil avvise tanken om at eit fellesfag er mogleg og verd å arbeide for, tilrår vi likevel at ein tillet fullt fritak som ein "sikkerhetsventil" for foreldreretten, seier Aadnanes.

Rapporten er å få kjøpt/bestilt frå Diakonhjemmets forskningssenter (Diaforsk), og vil elles om få dagar bli tilgjengeleg på biblioteket ved HVO.

Sjå meir om rapporten her:
http://www.odin.dep.no/kuf/norsk/publ/rapporter/014081-220002/index-dok000-b-n-a.html

Fleire forskingsmiljø
Evalueringa er gjort av tre ulike forskingsmiljø. Norsk Lærerakademi har laga rapporten Foreldres, elevers og læreres erfaringer med KRL-faget. Den andre rapporten Et fag for enhver smak? er altså eit samarbeid mellom forskingsmiljø ved Diaforsk og Høgskulen i Volda.

Arbeidet med evalueringa av KRL-faget starta våren 1999. Elevar, foreldre, lærarar og organisasjonar som står for ulike syn, har vore med i undersøkingane.

Samandrag
Sammendraga viser at eit stort fleirtal av foreldra er nøgde med KRL-faget, men evalueringa viser også svakheiter. Blant anna er det sviktande informasjon om faget andsynes heimane, restriktiv praksis av avgrensa fritak, mangel på differensieringstilbod og språkproblem for foreldre frå språklege minoritetar.

Evalueringa av KRL-faget er den første evalueringa av grunnskulen etter innføringa av Reform 97. Stortinget har bede om ein rapport med oversyn over praktisering av fritaksreglane i faget etter ein periode på tre år. Evalueringa skal nyttast som grunnlag for ei stortingsmelding om KRL-faget.


Del på