Fagbok om evaluering på den internasjonale marknaden

Tekst: Webmaster Volda

- Boka er eit resultat av arbeidet med evalueringa av Reform 97, fortel professor Haug. Ho tek opp mange av dei prinsipielle sidene rundt det å evaluere. Boka er såleis eit bidrag for å auke innsikta i og forståinga for denne typen arbeid, og er av vitskapleg, vitskapsteoretisk og forskingsfagleg interesse.

Omfattande evaluering
Evalueringa av Reform 97 har vore eit stort forskingsprogram i regi av Noregs forskingsråd og gått over fire år frå 1999. Professor Haug har vore forskingsleiar for programmet, som har engasjert rundt 75 forskarar ved 20 forskingsinstitusjonar i Noreg med eit budsjett på 45 millionar kroner.

1064300298
Professor Peder Haug

- Tidligare i år la vi fram hovudresultata frå denne evalueringa, og i veka som gjekk sende eg over den endelege sluttrapporten til forskingsrådet, seier professor Haug.
Sluttrapporten om funna ved evalueringa av Reform 97 vert trykt og sendt ut til mellom anna alle grunnskulane i landet.

Internasjonal marknad
- Det er svært positivt at vi både kan presentere ein omfattande rapport om funna, og ei bok på den internasjonale marknaden om evaluering, kommenterer Haug vidare.

Saman med Thomas A. Schwandt, ein av verdas fremste innanfor feltet evaluering, starta professor Haug arbeidet med boka hausten 2001, og var klar no i sommar 2003.
- Prosjektet med boka tok lang tid, men det vert gjerne slik når ein bur på kvar si side av eit stort hav, og er avhengig av forfattarar som er svært opptekne og bor rundt omkring, fortel Haug.

Schwandt har ein svært høg posisjon innan amerikansk evaluering, og særleg på dei områda som gjeld dei vitskapsteoretiske og etiske spørsmåla som alltid er knytte til denne verksemda. Han har eit professorat på dette området ved eit av universiteta i Illinois, USA. Han har arbeidd mykje i Noreg, og Norden. Mellom anna har han vore  gjesteforskar ved Nordlandsforsking i Bodø, og han har vore gjesteprofessor ved Roskilde Universitet i Danmark.

Del på