Fekk kaffiservering i foredragsform

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Førstelektor Reidun Aambø tok oss med på ei reise tilbake i tid, då ho måndag heldt eit spanande foredrag om kaffi - "det svarte gullet", på Høgskulen i Volda. Publikum fekk oppleve jordomseglinga til den populære drikken, med historie og fargerik kultur på kartet. Med spissa øyrer, venta publikum spent på framhald av forteljinga om Kaldi og geitene.

kaffireidun
Reidun Aambø viste bilete og fortalde om den fargerike kaffikulturen i Etiopia.

Mysteriet blir løyst
I klosteret opplyste den etiopiske gjetaren ein munk om geitene som ikkje ville sove etter måltidet kvelden før. Like forferda som Kaldi, ville munken finne ut av magien bak planteveksten. Eksperimenta var mange, men ikkje før munken skilde bæra frå kaffiplanten, og trakk det i varmt vatn, fekk han ønska verknad. Sidan vart klosteret kalla "det vakne klosteret", medan planta og drikken fekk namn etter den etiopiske sletta, Kaffa/Kefa.

Kjent over land og strand
Sidan oppdaginga i Etiopia har kaffibønna reist langt. Alle folkeslag kjenner til den brune drikken, som etter vatn er mest drukke i verda. På si ferd har det aromatiske vedunderet blitt integrert og fått sin unike verdi for ulike kulturar. I Afrikanske land er kaffi ein drikk for gudane, kalla "det svarte eller det grøne gullet". I muslimske land vert den brukt i samanheng med mekka, og får difor religiøs verdi. Men fleire har vore ute etter å svartmåle kaffien. Då kaffihusa opna på 1800-talet, vart desse oppfatta som aulestadar for revolusjonære idear, då folk samla seg over ein varm kopp. Derav fekk den namnet svart gift, eller "djevelens drikk".

- Vi nordmenn likar godt kaffi! Her kallar vi han "sunnmøres champagne", kjem det frå Aambø.

kaffibruk_1
(f.v.) Ella Fet, Liv Folkestad og Hjørdis Humberset meinar at morgonkaffien er den beste
starten på dagen, men kosar seg gjerne med ein knekk sjokolade til ettermiddagskoppen.

Mørk nyting eller magisk medisin
Paris sette standarden for korleis ein skulle nyte kaffien. Ein skulle ha likør, kake og sjokolade som tilbehøyr. Sidan har det blitt eksperimentert med drikken, noko som har gitt opphav til svart sjokolade, kakao, cappuccino, espresso og ei rekkje andre nymotens oppfinningar.

- Men kaffi er meir enn berre drikke og unnskyldning til sosialt samvær, held Ambø fram. I Etiopia er kaffitreet fint møbelmateriale, og born får malt kaffi med honning om dei har mageverk. Eit kaffiomslag er også flott for å stogge blødingar.

Vart kaffitørste
Dei kaffiglade pensjonistane Ella Fet, Liv Folkestad og Hjørdis Humberset var svært nøgde med foredraget, og lærte mykje dei ikkje visste frå før. Over ein kopp kaffi i kantina gjekk det i mimring om norsk kaffitradisjon.

- Eg har alltid vore glad i kaffi, smiler Humberset. Mor mi lurte i meg mjølk som var blanda i kaffi, utan det drakk eg det ikkje.

Kaffi er sunt
Beståande av forbausande 800 komponentar, deriblant koffein, vert den brukt i ei rekkje oppkvikkande medikament og som smakstilsetjing. Kaffi inneheld fire gongar så mykje antioksidantar som te, og kan hindre kreft, redusere risikoen for blærekreft, astmaanfall og ei rekkje andre sjukdomar, samt utsette fare for Alzheimers.

- Drikk kaffi og mosjoner, er det ikkje det vi seier? Flirar Aambø. No må alle ut og nyte ein kaffi i kantina, oppfordra ho til slutt.

Tekst og foto: Helle Nærø (Bachelorgradstudent ved informasjon og media)

Del på