Fekk nyttig internasjonal kunnskap og samarbeid

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Vi snakkar om den årlege forskarkonferansen ECSWR (European Conference for Social Work Research) i Milano. Konferansen samlar forskarar frå heile verda som har ein ting felles – dei er opptatt av ny kunnskap om korleis sosialt arbeid fungerer og utviklar seg. 

Frå HVO var Institutt for sosialfag (ISF) sterkt representert. Det var fleire innsendte abstrakt og deltaking på konferansen er eit av ISFs tiltak for å auke sin del av forskingsaktiviteten ved Avdeling for samfunnsfag og historie.

Volda sett på kartet

Som døme hadde Alf Roger Djupvik og Alyson Rees (Cardiff University) framlegg om felles forskingstema:  Manualization of social work. A comparison between Wales and Norway. Dette handlar om bruken av manualar i barnevernsarbeid. Innlegget var førebudd av ei gruppe på seks personar som i tillegg til dei to nemnde også består av Andy Pithouse og Charlotte Brookfield frå Cardiff University og Vidar Myklebust og Tor-Johan Ekeland frå ISF. 

ISF i Milano
Frå venstre: Louise Morley (University of New England, Armidale, Australia), Erica Russ (Southern Cross University, Gold Coast, Australia), Alyson Rees (Cardiff University, Wales) og Alf Roger Djupvik (HVO)

Nyttige innblikk

Konferansen gir gode høve for å utvikle fagleg samarbeid og nettverk til forskarar internasjonalt, samt at det gir ekstra motivasjon til å sette forsking på dagsorden.  

Med tanke på nytten av å delta på denne type konferanse peikar Silje Louise Dahl ved ISF på:    

– I tillegg til det å utvikle faglege samarbeid, er det nyttig å få innblikk i kva for sosialfagleg forsking som går føre seg på felt vi underviser i og forskar på. Eg fekk mellom anna med meg fleire gode framlegg om korleis profesjonsutøvarar arbeider med partnervald i andre land og korleis kvinner utsette for partnervald opplever å bli møtt av krisesentertilsette (til dømes Sverige, England, Irland).

Rekordstor interesse

På opningsdagen hadde den kjente forskaren Sarah Banks foredrag om etikk i deltakande forsking. Konferansen hadde elles ei rekke forskingsgrupper (kalla SIG – special interest groups) og pralellsesjonar med temaer som barnevern, rus, kriminalitet, partnervald, fattigdom og inkludering for å nemne noko. Årets konferanse hadde nær 700 deltakarar, og det var rekordstor interesse i form av innsendte abstrakt. 
 

Del på