Festskrift til Jostein Fet: Lesande og skrivande bønder

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Jostein Fet har gjennom eit langt forskarliv lagt fram omfattande studiar av lese- og skriveverksemda til den norske bondeallmugen frå 1600-talet til 1800-talet. Ideen bak symposiet, og festskriftet, var å vise kor vide interessefelt som knyter seg til denne viktigaste sida av forskinga hans, slik vi møter den i hovudverka Lesande bønder (1995) og Skrivande bønder (2004).

Bøkene til Fet er omfattande når det gjeld innfallsvinkar til allmugens skriftkultur: Kunne allmugen lese i større grad enn det som har vore hevda? Kva fanst av bøker og skrifter i heimane? Kva slags innhald og ideologisk bodskap var det i det bøndene las? Fet undersøkjer ikkje berre lesekunna, men også allmugen aktive bruk av skrifta. Kva brukte dei skrive­dugleiken til, og kva tankar og haldningar avspeglar skriftstykka deira? Under dette ligg også spørsmålet om kva slike ferdigheiter og kunnskapar gjorde med enkeltindividet og bondekollektivet.

les-skriv-bonder

Det er såleis nok av spørsmål og angrepsvinklar å gripe fatt i Fets grunnforsking. Dette kjem til uttrykk i denne rapporten frå eit symposium. Først i boka presenterer Jostein Fet sjølv dei mange utfordringane han har møtt i den lange forskingsprosessen. Vidare finn ein bidrag av Kjell-Arild Madssen, Arne Apelseth, Henrik Horstbøll, Atle Døssland, Bjørn Kvalsvik Nicolaysen, Per Magne Aadnanes og Jan Inge Sørbø. Dette er forskarar frå ulike miljø og fagfelt:  kultur- og idéhistorie, allmennhistorie, litteraturvitskap og teologi. Alle finn på ein eller annan måte at arbeida til Fet også er relevante for deira eigne fag. 

Boka er redigert av Atle Døssland og Geir Hjorthol.

Atle Døssland og Geir Hjorthol (red.): Lesande og skrivande bønder. Foredrag frå eit symposium. Høgskulen i Volda 2005. 168 sider. Pris:

Distribusjon: Gnist Møre, pb. 278, 6101 Volda. Tlf.: 70 07 53 85, e-post: sfsbok@hivolda.no.

Del på