Fjordkonferansen: 100 forskarar - 60 innlegg og konferanse også i 2016

Tekst: Johann Roppen

- Oppdatert

Fjordkonferansen 2015 var den tredje i rekka og professor Jørgen Amdam ved Høgskulen i Volda har vore sentral i konferansen alle dei tre første åra.

- Det har vore ein svært vellukka konferanse, oppsummerer Jørgen Amdam og rapporterer om positive tilbakemeldingar over heile linja.  Og Amdam kan også fortelje at det blir ein Fjordkonferanse også i 2016. - Høgskulen i Sogn og Fjordane har teke på seg å arrangere konferansen neste år, og det blir kanskje i Loen då også. Ramma og det faglege opplegget har nok funne si form no, seier Amdam. Økonomien tilseier at høgskulane må betale for deltaking og arrangement.

I desse alliansetider kan det hende at Høgskolen på Lillehammer blir ein aktør i konferansen - og det er ingenting i vegen for å få med Lillehammer, seier Amdam. Styringsgruppa for Fjordkonferansen har hatt deltakarar frå Høgskulen i Volda, Høgskolen i Molde, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Høgskolen i Ålesund og Møreforsking.  

Mange deltakarar frå Volda

Ein fjerdepart av deltakarane på Fjordkonferansen kom frå Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda. Blant andre deltok Grethe Mari Mattland Olsen og Nathalie Homlong med eit innlegg med tittelen: "Locally Produced Food in Hotels in Norway – Success Factors and Challenges". Datamaterialet var henta blant anna frå Møre og Romsdal og handla altså om kortreist mat.

7b102d569bef8b8ef2d9de28d9aebd6d

Førstelektor Grethe Mattland Olsen (til venstre) og professor Nathalie Homlong.

Mattland Olsen og Homlong var nøgde med responsen dei fekk på innlegget sitt på Fjordkonferansen. - Dette er ein trygg arena for å legge fram paper, seier Homlong og Mattland Olsen - og er sikre på at innlegget deira vil bli betre som følgje av kommentarane. - Fjordkonferansen bør halde fram, er dei samde om.

Juristane hadde si eiga gruppe under Fjordkonferansen og var dominert av Høgskulen i Volda med tre av fire deltakarar frå Avdeling for samfunnsfag og historie. Dei juridiske fagmiljøa ved høgskulane på nordvestlandet er små, og Fjordkonferansen har vorte ein viktig møtearane. - Vi driv ganske spesialisert juss, så det er ikkje så mange alternative faglege arenaer, seier Egil Arne Standal. Første mann til å presentere innlegg var førstelektor Bernt Olav Øvregaard, og han var nøgd med kommentarane han fekk frå sine kolleger i Volda og Molde. - Dei var viktige for å betre arbeidet, seier Øvregaard.

561f4c86e78bcfe00feb6fd7ca6a2287

Juristar på Fjordkonferansen. Frå venstre Amanuensis Åge Brekk (Høgskolen i Molde), høgskulelektor Egil Arne Standal, høgskulelektor Margrethe Homlong og førstelektor Bernt Olav Øvregaard (alle Høgskulen i Volda).

Johann Roppen: Fjordkonferansen bør halde fram - men kanskje med nytt namn? (blogginnlegg/kommentar til Fjordkonferansen).

Aktuelle lenkjer:
www.fjordkonferansen.no
Deltakarar og innlegg på Fjordkonferansen 2015
Forskarpris til Møreforsking (Sunnmørposten 19.6.2015)
Over 100 samlet til Fjordkonferansen i Loen (Sunnmørsposten 18.6.2015)

Del på