Fjordkonferansen 2022

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Fjordkonferansen er ein årleg konferanse der forskarar frå Vestland og Møre og Romsdal deler resultat av forsking på ulike emne. Tema for årets konferanse i Loen 16. – 17. juni var «nyskaping». Målet var å stimulere til ein fruktbar debatt om korleis dette omgrepet gjer seg gjeldande innanfor og på tvers av ulike fagfelt.

Fjordkonferansen har som overordna mål å skipe eit fagleg møtepunkt for dei akademiske fagmiljøa på Nordvestlandet og å legge til rette for vitskapeleg publisering. Tiltaket gjennomfører to årlege hovudaktivitetar: Fjordkonferansen og publisering av Fjordantologien. Sistnemnde er ein fagfellevurdert antologi basert på innsende bidrag i etterkant av ein konferanse.

Hovudansvaret for antologien og konferansen går på omgang mellom Høgskulen i Volda (HVO), Høgskolen i Molde, NTNU Ålesund og Høgskulen på Vestlandet (Sogndal og Førde).

Nyskaping

Fjordkonferansen 2022 samla140 deltakarar frå Høgskulen i Volda, Høgskolen i Molde, NTNU i Ålesund og Høgskulen på Vestlandet. Årets konferanse såg på nyskaping frå ulike vinklar og ein fekk  debatt og forskingsbidrag som kasta lys over ytre og indre drivarar, barrierar og positive og negative konsekvensar av nyskaping.

I norsk språk femner omgrepet «nyskaping» vanlegvis vidare enn «innovasjon». Auka merksemd rundt omgrepet «nyskaping» kan mellom anna sjåast i samanheng med stadig raskare omstillingstakt i samfunnet.

Fjordkonferansen 2022
Fjordkonferansen 2022 samla 140 deltakarar frå Høgskulen i Volda, Høgskolen i Molde, NTNU i Ålesund og Høgskulen på Vestlandet. Foto: Dag Roland.

Ny teknologi og berekraft

På nettsidene til konferansen kan ein lese at næringslivet og offentleg sektor vert utfordra til å tenke ut nye, og ofte tverrfaglege, løysingar. Nyskaping handlar om å sjå mogelegheiter. Innanfor marin og maritim sektor kan ein til dømes sjå på nye «grøne» krav til industrien og den teknologisk nyvinninga som to drivarar utfordrar eksisterande praksisar og løysingar.

På konferansen kom ein også inn på korleis ein skal forstå universiteta og høgskulane si rolle når det gjeld nyskaping.

Konsekvensar for menneske og samfunn

Ny teknologi skaper også rom for nye måtar å organisere og koordinere arbeid på. I helsesektoren er det stor aktivitet knytt til velferdsteknologi, noko som stor grad vil påverke korleis ein tenker velferd og omsorg.  Eit anna døme på ein ytre faktor som har tvinga fram nyskapingsprosessar dette året er restriksjonane i samband med den globale pandemien. Strenge avgrensingar på fysiske møte mellom menneske har hatt dramatiske konsekvensar for undervisningssektoren, kulturlivet, helse- og omsorgssektoren, reiselivet, kyrkjelivet, utelivsbransjen, handelsnæringane, industrien og frivillig sektor.

Del på