Flemmen-modell om ekte leik best i NIBR-rapport

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Rapporten presenterer ein studie av skulegarden og nærmiljøanlegg i tilknyting til skulen og barn sine sjansar for fysisk aktivitet og sosiale liv.

Førsteamanuensis Asbjørn Flemmen si forsking i Volda har vore modell for fleire anlegg, mellom anna Skudeneshavn skole som kjem klart best ut i rapporten frå NIBR.


 

flemmen72

Skudeneshavn skoles pedagogikk og fysiske tilrettelegging er basert på Flemmens teori om "ekte lek" heiter det i rapporten. (les meir)

Rapporten refererer mellom anna til tidlegare forsking som viser av fotballen er den dominerande aktiviteten i uteromma. Fotballhegemoniet er så dominerande at NIBR- rapporten og anna forsking, refererer tilskulegarden som "det kjønnede rommet". Jentene inntek ikkje skulegarden med same rett som gutane.

I tillegg skriv rapporten at dei har registert høgst aktivitetsnivå der omtreng alle borna var fysisk aktive, både gutar og jente, og store og små. Saman med dette er måla om einskapsskulen og like moglegheiter for alle gjennomført og lagt til grunn for rapporten frå NIBR.


Pressemelding frå NIBR

Les også foredraget til Lene Schmidt frå NIBR: Barn og fysisk aktivitet i skole og nærmiljø

Del på