Folkemusikkarkivet nominert til formidlingspris

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Arkivet, med dagleg leiar Anna Liv Skjelten Gjendem har de siste tre åra hatt formidling som fokusområde, som eit avbrekk frå digitalisering av lyd og digitalisering av notar. Desse tre åra har vore innhaldsrike og Gjendem har klart å gjennomføre imponerande mange og varierte aktivitetar, skriv Norsk senter for folkemusikk og folkedans i grunngivinga for nominasjonen.

Dei siste åra har arkivet drive ein aktiv formidlingsaktivitet på Facebook og på nettsida si, dei har arrangert festkonsert i samband med 25-årsjubileet sitt i 2015. I tillegg driv arkivet stor kursaktivitet. Formidlingsprisen blir delt ut under det 7. norske arkivmøtet.

Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal er ei stifting mellom fem partar: Møre og Romsdal fylkeskommune, Høgskulen i Volda, Møreforsking Volda, Møre og Romsdal Folkemusikklag og Noregs Ungdomslag i Møre og Romsdal.

Oppgåvene er:

  • å samle og bevare folkemusikk og folkedans i alle uttrykksformer 
  • å gjere folkemusikken og folkedansen tilgjengeleg for alle interesserte 
  • å fremje bruken av folkemusikk og folkedans 
  • å samle og gjere tilgjengeleg kunnskapen om folkemusikk- og folkedansmiljøa, tradisjonane og tradisjonsberarane 
  • å skape ny kunnskap om folkemusikk og folkedans, særleg musikken og dansen i Møre og Romsdal

Del på