Forsking på ekte leik

Tekst: Bente Gunn Lien

- Oppdatert

flemmenbok-2

Barns leik og leikemiljø er det sentrale i Flemmens forskings- og utviklingsarbeid. I kapittelet ”Real play: a social-motor behaviour” skriv han om kva som er stimulerande leikemiljø for barn og om eigne erfaringar med tilrettelegging av leikeplassar for barn. Han peikar på at miljø som manglar utfordringar og risiko, fører til ei underutvikling av barn sine fysiske og sosiale ferdigheiter.

Frå 1992 har ekte leik stått på den politiske dagsorden gjennom satsing på nærmiljøanlegg. Flemmen si forståing av ekte leik og eit stimulerande miljø for barns sansemotoriske og sosiale utvikling har vore svært viktig for dette arbeidet. Gjennom kurs og føredrag har ideane hans spreidd seg både i inn- utland, og han vore med på å planlegge fleire skuleanlegg, m.a. Skudeneshavn skole og fritidspark. I Kunnskapsløftet 2006, kroppsøving, er ideane også komne på den på den pedagogiske dagsorden.

Asbjørn Flemmen er førsteamanuensis og har i ei årrekkje undervist i kroppsøving ved Høgskulen i Volda. Sjølv om han no er pensjonist – på papiret – er han framleis svært aktiv. Han skriv artiklar, debatterer, held foredrag i inn- og utland og er engasjert i anlegga han har utvikla.

Fleire av Flemmens publikasjonar er tilgjengelege på nettet i fulltekst. Notatet Real Play - a Socio-Motor Behaviour var utgangspunkt for artikkelen i den nyleg utgjevne boka. Dette notatet ligg også føre på tysk: Spiel und Bewegung. Über Bewegung, echtes Spiel und gefährliche Sicherheit auf Spielplätzen. I heftet Ekte leik og spontanidrett, som er utgitt av Landslaget Fysisk Fostring i skolen, er det skulens uterom som står i fokus.

Del på