Forskingsdagane 1999 - komplett program

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Over fire dagar kan du få med deg foredrag om:

Lærarutdanning i Volda
Etablering av distriktshøgskulen i Volda
Rett til spesialundervisning

Nordisk animasjonsfilm 1910 - 1930
Om radioens barndom
Postkortet som historisk kjelde

Statskyrkja og verdigrunnlaget for staten
Velferdsstaten: verdival eller pragmatisme?

...som det er naturleg å samanlikne seg med
"Sunnmøringen" og andre stereotypiar

fdag99

Program



Forskingsdagane 1999 – tilbakeblikk ved eit tusenårsskifte



Forskingsdagane '99 er prega av tilbakeblikk – det historiske perspektivet på fag og forsking dominerer. I år ha vi valt å konsentrere innsatsen meir enn før, ved at kvar av dei fire avdelingane ved HVO har laga si tilskiping. At det berre er mannlege foredragshaldarar i år er slett ikkje tilsikta, men forsåvidt i tråd med den historiske ramma. Så får vi ved seinare høve sørge for å vere meir i pakt med samtida på dette punktet.

Vi synest vi kan by på mykje spennande og spenstig stoff, og ønskjer alle, spesielt bygdefolket i Volda og Ørsta, velkommen til Forskingsdagane.




Tysdag 28.9.99 kl. 19.00:



Avdeling for lærarutdanning


Tema: Drivkrefter bak endring i utdanning nasjonalt og regionalt



Høgskulelektor Peder Bergem: Etableringa av lærarutdanninga i Volda
Foredraget vil handle om korleis Henrik Kaarstad var motivert av kristendom og norskdom i arbeidet med å etablere og drive Volda lærarskule og korleis dette kom til å prege skulen.


Høgskulelektor Oddbjørn Melle: Frå «annecteret dannelsesanstalt» til universitet?
Perspektiv på utdanningssamfunnet Volda med hovudvekt på DH-etablering.
Foreredraget vil m.a. spele på omgrepsparet stat - sivilt samfunn.


Professor Peder Haug: Kampen om rett til spesialundervisning
Om opptakta til endringa i grunnskulelova i 1975, som gav alle barn rett til undervisning.


Stad: Henrik Kaarstad-huset, Gamle festsal, rom 204, kl. 19.00



Onsdag 29.9.99 kl. 18.00:



Avdeling for mediefag


Tema: Tre menn – tre medium



Førsteamanuensis Gunnar Strøm: Nordisk animasjonsfilm på 1910 og 1920-tallet
I dette foredraget får vi kjennskap til den tidlege historia til nordisk animasjonsfilm, eit felt og ein sjanger som til no er ukjent for dei aller fleste.


Amanuensis Ketil Jarl Halse: Frå teknisk fascinasjon til program: radioens barndom
Den tidlege norske radiohistoria er tema for dette foredraget, som også vil trekkje trådar til internasjonal radiohistorie.


Kontorsjef Ingvar Elgesem: Postkortet i Norge: en undervurdert historisk kilde
Dette foredraget gir eit innblikk i postkortet som kjelde til historie, estetikk og mentalitet.


Stad: Ivar Aasen-huset, Auditoriet 2. etasje, kl. 18.00




Torsdag 30.9.99 kl. 19.00



Avdeling for samfunnsfag


Tema: Statens verdigrunnlag



Førsteamanuensis Birger Løvlie: "Et farligt og latterligt selvbedrag”. Statskyrkja som verdigrunnlag for staten, frå Jakob Sverdrup til våre dagar
Utgangspunktet for foredraget er striden mellom stat og kyrkje som oppstod kring førre hundreårsskifte. Denne debatten sette spor etter seg heilt inn i vår tid, og framfor eit nytt årtusen kan det vere grunn til å sjå seg tilbake og spørje: Korleis var det tenkt, kvifor gjekk det som det gjekk og kva vart følgjene?


Forskar Ivar Lødemel: Verdival eller pragmatisme? Den norske velferdsstaten i historisk og internasjonalt perspektiv
Her får vi vite meir om framveksten av velferdsstaten i tida kring andre verdskrigen, med særleg vekt på forholda i Noreg og Storbritannia.


Stad: Samfunnshuset i Volda, Nyesalen 1. etasje kl. 19.00



Laurdag 2.10.99



Avdeling for humanistiske fag


Tema: Regionar, mytar og mentalitetar



Høgskulelektor Arne Apelseth: ...som det er naturleg å samanlikne seg med. Eit historisk perspektiv på prosjektmakeri og mentalitetsskaping
Dagleglivet i Noreg har, i det minste sidan 1700-talet, vorte gradvis innvevd og involvert i ein global modernitet, noko som i liten grad har vore påakta i norsk sjølvrefleksjon. Foredraget er eit forsøk på å vurdere moderniteten som erfaringsverd, normsystem og handlingrom, med særleg vekt på perioden 1750-1850. I dette lyset vil påstandar om nasjonal og regional eigenart, t.d. om den stridbare norske individualismen eller om den sunnmørske entreprenørånada, bli drøfta.


Førsteamanuensis Arnljot Løseth: Sunnmøringen og andre stereotypiar: myte eller realitet?
Foredraget tek utgangspunkt i velkjende stereotypiar eller vaneoppfatningar som gjerne er knytte til ulike grupper av menneske. I følgje desse førestellingane skal t.d. «sørlendingen» vere bedageleg, lun og passiv, medan «sunnmøringen» vert framstilit som driftig og sparsommeleg osb. Foredraget vil vere eit forsøk på å ta stereotypiane på alvor, og som utgangspunkt for drøfting om det kan liggje historiske realitetar bak dei.

Stad: Berte Kanutte-huset, seminarrom 157, 1. etasje kl. 14.00



Del på