Forskingsdagane 2003 startar

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

- Fredag 19. september går startskotet for årets Forskingsdagar. Det er 9. året Forskingsdagane vert arrangert, og i Oslo vil adm. dir. Christian Hambro i Noregs forskingsråd opne Forskingsdagane 2003 kl. 12.30, fortel FoU-konsulent Bente Gunn Lien, som no er i ferd med å spikre alle arrangementa i høve Forskingsdagane 2003 ved Høgskulen i Volda.

1063973724

Årets Forskingsdagar varer frå 19. til 28. september og har 1000 programinnslag i regi av 180 arrangørar. Dei største arrangementa er forskingstorga, som vert arrangert i Oslo, Trondheim, Tromsø og Bergen. For dei som er nysgjerrige, finst det mykje interessant stoff om dei ulike arrangementa rundt i landet på www.forskningsdagene.no.

På Høgskulen i Volda opnar Forskingsdagane 2003 måndag 22/9 med ein presentasjon av resultat frå dei to store forskingsprosjekta ”Særskilt tilrettelagd utdanning” og ”Vaksenliv på særvilkår?”. Brynhild Solvang vil førelese om unge mødrer som har hatt særvilkår under opplæringa, og Jon Olav Myklebust vil diskutere korleis gutar og jenter med særskild tilrettelegging oppnår kompetanse og korleis dei lykkast i kampen for arbeid og inntekt.

(BK, vesle aud. kl. 19).

Forskingsdagane 2003 i Volda vert avslutta med ei tilstelling på Volda Bygdetun søndag 28. september. Temaet er ”Matkultur for små og store”. Studentar frå det nystarta studiet ”Mat, kultur og konservering” vil lage mat og by på både smaksprøver og matlagingstips. Det vert føredrag om matkultur og ulike aktivitetar for born. Meir informasjon om tilstellinga kjem seinare.

Programoversyn:

Meir om alle arrangementa ved Høgskulen i Volda i HVOmagasinet 03-3(.pfd)

1063966264

Del på