Forskingsdagane 2009 i gang

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Og tek du turen innom høgskulebiblioteket, kan du allereie i dag snuse litt på Forskingsdagane. Eit hovudtema for årets Forskingsdagar er evolusjon og berekraft. Det er inspirert av at det i år er 200 år sidan Charles Darwin vart født, og 150 år sidan han gav ut Artenes opprinnelse. Biblioteket markerer dette med ei eiga bokutstilling om Darwin. I tillegg kan du teste dine kunnskapar – og kanskje vinne premie – med ein eigen Darwin-quiz.f04b71b08ea8f315d5f5db4c94183aa70a46f650

                      
På biblioteket kan du også sjå Forsking på plakaten. Fire av stipendiatane ved Høgskulen i Volda presenterer posterar som dei har delteke på konferanse med. Poster er ei eiga presentasjonsform som blir nytta på mange konferanser som eit alternativ til foredrag.

Årets Forskingsdagar i Volda gjenspeglar mangfaldet i forskinga på høgskulen. Mange fagmiljø er involverte i større forskingsprosjekt, og nokre av dei vil formidle kunnskap og resultat under Forskingsdagane, t.d. Kva skjer i klasserommet? og Førskulelærarutdanninga og utfordringar i yrket.

00eb891c6536cb26e2f815278a936ef587187e83Det er naturleg at Sivert Aarflot-jubileet set sitt preg på Forskingsdagane i Volda. Tysdag markerer mediemiljøet ved Høgskulen i Volda 200-årsjubileet for etableringa av Norsk Landboeblad med eit pressehistorisk seminar. Der presenterer også Øystein Sande si nye bok om Sivert Aarflot. 

Onsdag vert det eit miniseminar om Sivert Aarflot og øvrigheita, og torsdag kan vi møte Sivert Aarflot som astronomiinspirator. Torbjørn Urke står for det møtet, og etterpå inviterer kometoppdagar Knut B. Aarseth publikum til Kometland og avdukinga av Sivert Aarflot-observatoriet.

           
Og vi kan også freiste med andre tema: lokalhistoriewiki.no, hijab på bygda og Olav Aukrust. Få også med deg mastermøtet, der fire tidlegare masterstudentar presenterer tema frå sine masteroppgåver. Dessutan vert det utdeling av FoU-prisen 2009 torsdag, og søndag 27. september er det tid for matkultur på Volda bygdetun.

Forskingsdagane er ein stor, nasjonal dugnad. Universitet, høgskular, forskingsinstitusjonar, museum og bibliotek opnar dørene sine for å vise fram forsking i ulike variantar – og arrangementa er gratis. Eit viktig mål er å skape begeistring og forståing for forsking. I år vert Forskingsdagane arrangert for 15. gong. I siste utgåve av bladet Forskning kan du lese "Historien om Norges største dugnad".

3b47e25f14073f1f89224c5f9f1585978d80922b

Del på