Forskingsdagane 2010: Professor Ekeland tok i mot FoU-prisen

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

264ffbaf4decd086cfcf8fc15b7fc74188bb0233

Professor Tor-Johan Ekeland og rektor Jørgen Amdam. Foto: Olav Thokle.

FoU-prisen ved Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda er på 30 000 kr, og vart delt ut under Forskingsdagane fredag. Høgskulestyret tildelte prisen på styremøtet 3. juni.

– Vent ikkje på tilrettelegging, men ta dykk til rette, sa Ekeland i talen sin, og understreka kor viktig det er at den frie akademia kan vere samfunnsengasjert og utadretta.

– Vi forvaltar verdiar som bygger opp under objektive synspunkt som demokratiet kan stole på.

– Det vert hevda at eg har hatt kritisk sans, sa Ekeland med eit smil under prisutdelinga. Eg har kanskje ikkje oppfatta meg sjølv som veldig kritisk, men synest det er viktig å engasjere seg.

I grunngjevinga vert det trekt fram at Tor-Johan Ekeland har hatt stor forskingsinnsats på høgt nivå gjennom mange år. Han har vore utdanningspolitisk aktiv og samfunnsengasjert, og han har stimulert til kritisk, akademisk debatt både i norske og nordiske fagmiljø. Styret konkluderer med at Tor-Johan Ekeland er ein særs verdig kandidat til FoU-prisen.

Les meir om grunngjevinga på eiga nyheitssak

Del på