Forskingsdagane 2010 snart i gang

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Forskingsdagane i Volda tjuvstartar torsdag 23. september – i Ørsta! Om kvelden kan du møte førsteamanuensis Per Halse, som på heimebane vil snakke om då landsmålet vart kjempa inn i kyrkja. Foredraget til Halse, som har fått tittelen "Klokkardansk eller folkeleg norsk?", er basert på doktoravhandlinga hans frå 2009. I veka som følgjer vert det ulike arrangement både på høgskulen og Volda bygdetun.

Utdeling av FoU-prisen

Fredag føremiddag vert FoU-prisen delt ut. Prisen er på 30 000 kr og vert tildelt personar eller miljø som har gjort ein markert innsats på FoU-område som er strategisk viktige for Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda. I år er professor Tor-Johan Ekeland prisvinnar, og han vil ta imot prisen på eit arrangement i høgskulebiblioteket.

Mange mastermøte

Høgskulen i Volda har mange masterstudentar, og på to fredagar under Forskingsdagane vil ferdige masterar presentere tema frå sine masteroppgåver.

Først ute er tre tidlegare masterstudentar i spesialpedagogikk. Om ettermiddagen fredag 24. september vil publikum få høyre meir om integrering og segregering i vidaregåande skule, om individuelle opplæringsplanar og om læringsmiljø og pedagogisk analyse.

Fredag 1. oktober slepp fire ferdige masterar frå Avdeling for samfunnsfag og historie til. Tre av dei har tatt Masterstudium i samfunnsplanlegging og leiing, og ein har tatt Masterstudium i meistring og myndiggjering. Emna deira spenner vidt: Førebygging av seksuelle overgrep i Den norske kyrkja, lokalsamfunnsutvikling og entreprenørskap, grensesetting i snøskredaksjon og pårørandeskular.

Forsking på plakaten

Høgskulen har også mange doktorgradsstipendiatar, og under Forskingsdagane vil fire av dei presentere sine forskingstema på posterar i Berte Kanutte-huset. Posterane er spesielt laga for Forskingsdagane, og stipendiatane har tatt utgangspunkt i årets tema - Verktøy for forskinga. Dei fire stipendiatane er Siv Måseidvåg Gamlem (pedagogikk), Helga Synnevåg Løvoll (friluftsliv), Wenke Mork Rogne (norsk fagdidaktikk) og Kristin Kibsgaard Sjøhelle (norsk fagdidaktikk).

Matkultur på bygdetunet

Ein søndag med matkulturelle opplevingar har blitt ein tradisjon under Forskingsdagane. 26. september kan store og små legge søndagsturen til Volda bygdetun, der dei vil få høve til å lære å lage og smake ulike matrettar knytt til årstida vi er inne i. Studentar frå "Mat, kultur og konservering" vil ha "stasjonar" rundt omkring på bygdetunet der publikum kan ta del i ulike matlagingsaktivitetar.

Frå demonfrykt til engletru

I dag har nyreligiøse trendar langt på veg overteke slike åndevesen som elles har halde til i utkantane av den kristlege førestellingsverda. Såleis er englane ikkje lenger berre sjeldsynte himmelske bodberarar, men høgst nærverande åndelege "hjelparar" som vi kan konsultere om små og store livsproblem, i alle høve om vi skal tru prinsesse Märtha Louise. Kva er det som har ført til slike endringar i folkereligiøsiteten? spør professor Per Magne Aadnanes måndag ettermiddag. I 2008 gav han ut bok om dette emnet: Gud for kvarmann.

Om Jane Austen på film

Jane Austens romanar har vore populære kjelder for film- og fjernsynsversjonar i sytti år – og dei er det i høgste grad framleis: Berre dei siste fem åra har det vore laga ti Austen-relaterte filmar av ulikt slag. Korleis blir Austens bøker forstått og framstilt av filmskaparar? Dette og meir til vil førsteamanuensis Marie Nedregotten Sørbø fortelje om måndag kveld. I 2009 disputerte ho med doktorgradsavhandling om dette emnet.

Norsk presses historie

Samleverket Norsk presses historie 1660-2010 vart gitt ut i vår. Gjennom fire band vert framveksten av norsk presse og føresetnadar for dagens journalistikk skildra. Hovudredaktør er den kjende historikaren Hans Fredrik Dahl. Saman med bandredaktør Idar Flo og medforfattar Henrik Bastiansen, som begge er tilsette ved Høgskulen i Volda, vil han på eit ettermiddagsseminar tysdag 28. september presentere sentrale delar av bokverket.

Tusen dagar på to timar

Noreg og den spanske borgarkrigen var eit tema som gjekk att i to bøker som vart gitt ut i 2009. Om kvelden tysdag 28. september vil forfattarane Jon Olav Myklebust, professor ved Høgskulen i Volda, og Jo Stein Moen, kommunikasjonsrådgivar og skribent frå Trondheim, halde kvart sitt foredrag om dette temaet.

Møre og Romsdal under lupa

Torsdag 30. september set tre forskarar frå Møreforsking Volda søkjelys på viktige trekk ved samfunnsutviklinga i Møre og Romsdal. Fylkesplansjef Ole Helge Haugen frå Møre og Romsdal fylkeskommune vil innleie seminaret med ein presentasjon av publikasjonen RISS, og deretter vil han reflektere rundt Møre og Romsdal si nære framtid. Professor Roar Amdam ved Høgskulen i Volda avsluttar seminaret med å drøfte kva handlingsrom ein har på regionalt nivå.

Er dorullforming kvalitetskunst?

I kunst- og designfag er kvalitet eit velbrukt ord, og fagfolk deler villig vekk ut vurderingar av typen "god" eller "dårlig" kvalitet. Kva eigenskapar viser dei eigentleg til? spør Karen Brænne torsdag ettermiddag. Ho er førsteamanuensis ved Avdeling for kulturfag, Høgskulen i Volda og disputerte i 2009 med doktorgradsavhandling om dette emnet.

240a42ba9b6e62650372bf7703f0dd8bf2598f1e

Del på