Forskingsdagane 2018

Tekst: Tor Mikalsen

- Oppdatert

Under Forskingsdagane 19.-28. september kan du mellom anna få med deg paneldebatt om nynorsk digital oppvekst, foredrag om dei store skilnadane mellom oppveksten og skulegang i dag og for 100 år sidan og filmkveldar som byr på meir enn ein spennande film.

Det er stikkord for berre nokre av dei i alt 26 arrangementa under Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda i år. Forskingsdagane er ein nasjonal og årleg festival, som dei siste åra har hatt meir enn 1.000 arrangement over heile landet, og vert i år arrangert for 24. gong. Både i 2016 og 2017 vart det sett publikumsrekord for Høgskulen i Volda sine arrangement med over 2000 publikummarar.

OPPVEKST

Kvart år vert det utforma eit overordna tema og slagord for Forskingsdagane på nasjonalt plan. I år er det nasjonale temaet «Oppvekst».

– Vi har aldri hatt så mange arrangement under Forskingsdagane i Volda som i år, samstundes er det også ei enorm breidde i arrangementa. Vi ønskjer å vise fram mangfaldet i FoU-aktiviteten vi har ved Høgskulen i Volda. Det er arrangement som passar for barn, ungdom, vaksne og studentar, seier koordinator og programansvarleg for Forskingsdagane i Volda, Geir Tangen.

SJÅ PROGRAMMET FOR FORSKINGSDAGANE HER

– Arrangementa har mange ulike formidlings- og uttrykksformer. Det er mellom anna foredrag, seminar, paneldebatt, samtalekafé og filmkveldar, seier ein godt nøgd Tangen og legg til at alle arrangementa er gratis og opne for alle.

SAMARBEID LOKALT OG REGIONALT

I tillegg til arrangement ved Høgskulen i Volda, vert det arrangement på ulike stader i kommunane Volda, Ørsta, Ulstein og Herøy. Arrangementa går føre seg både på dag- og kveldstid. Som tidlegare år har Forskingsdagane eit godt samarbeid med lokale og regionale institusjonar og frivillige lag og organisasjonar.

– Vi er svært takksame for engasjementet som vert vist frå alle desse og det gode samarbeidet vi har, seier Tangen.

Mange av dei tilsette ved høgskulen er også i sving for å sørge for at Forskingsdagane vert best mogleg.

– Alle dei fire avdelingane er svært godt representert og vi har om lag 50 fagpersonar frå høgskulen, fleire eksterne fagpersonar og også tidlegare masterstudentar som bidreg. I tillegg har vi også med både symfoniorkesteret ved høgskulen, høgskulekoret og Volda Vokal, seier Tangen.

OPPMODING FRÅ REKTOR

Rektor ved Høgskulen i Volda, Johann Roppen, er glad for å kunne vise fram ein del av forskings- og utviklingsarbeidet som vert gjort ved høgskulen, gjennom Forskingsdagane.

– Eg oppmodar nyfikne frå heile regionen om å plukke ut eitt eller fleire arrangement for å få innblikk i den varierte FoU-aktiviteten ved Høgskulen i Volda – og eg håper resultatet vert mange spennande samtalar om fag og forsking.

Del på