Forskingsdagane 2019 – miljø som tema

Tekst: Per Straume , Foto: Synne Øye Myrvold

- Oppdatert

Under Forskingsdagane 19.-26. september 2019 kan du mellom anna få med deg laurdagskafé om tre i natur og kultur, panelsamtale om naturen som forbruksvare, foredrag om ei vandring i fjellet sin teologi og filosofi og filmkveld i Hjørundfjord Filmteater som byr på ein islandsk feel-good film.

Det er stikkord for berre nokre av dei i alt 22 arrangementa under Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda (HVO) i år. Den offisielle opninga av Forskingsdagane 2019 finn stad fredag 20. september i biblioteket med utdeling av FoU-prisen ved HVO for 2019 til professor Jan Inge Sørbø.

Dei tre siste åra har det vore publikumsrekord under Forskingsdagane med kring 2000 deltakarar kvart år. 

MILJØ

Kvart år vert det utforma eit overordna tema og slagord for Forskingsdagane på nasjonalt plan. I år er det nasjonale temaet «Miljø».

– Gjennom Forskingsdagane ønskjer vi å vise fram mangfaldet i FoU-aktiviteten vi har ved Høgskulen i Volda. Det er arrangement som passar for barn, ungdom, vaksne og studentar, seier koordinator og programansvarleg for Forskingsdagane i Volda, Geir Tangen.

SJÅ PROGRAMMET FOR FORSKINGSDAGANE HER

– Arrangementa har mange ulike formidlings- og uttrykksformer. Det er mellom anna foredrag, seminar, konsert, panelsamtale, kafé og filmkveld, seier ein godt nøgd Tangen og legg til at alle arrangementa er gratis og opne for alle.

SAMARBEID LOKALT OG REGIONALT

I tillegg til arrangement ved Høgskulen i Volda, vert det arrangement på ulike stader i kommunane Volda, Ørsta, Ulstein, Ålesund, Stryn og Rauma. Arrangementa går føre seg både på dag- og kveldstid. Som tidlegare år har Forskingsdagane eit godt samarbeid med lokale og regionale institusjonar og frivillige lag og organisasjonar. Nye samarbeidsaktørar i år er mellom anna Volda Sanitetslag og Volda Hagelag.

– Vi er svært takksame for engasjementet som vert vist frå alle desse og det gode samarbeidet vi har, seier Tangen.

Mange av dei fagleg tilsette ved høgskulen er også i sving for å sørge for at Forskingsdagane vert best mogleg. – Vi har med svært mange fagpersonar, både frå høgskulen og eksterne. Det er også gledeleg at bachelor- og masterstudentar ved høgskulen medverkar. I tillegg har vi også med både symfoniorkesteret ved høgskulen og Volda Vokal, seier Tangen.

OPPMODING FRÅ REKTOR

Rektor ved Høgskulen i Volda, Johann Roppen, er glad for å kunne vise fram ein del av forskings- og utviklingsarbeidet som vert gjort ved høgskulen, gjennom Forskingsdagane.

– Eg oppmodar nyfikne frå heile regionen om å plukke ut eitt eller fleire arrangement for å få innblikk i den varierte FoU-aktiviteten ved Høgskulen i Volda – og eg håper resultatet vert mange spennande samtalar om fag og forsking.
 

Del på