Forskingsdagane 2022: «Hav» som tema

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Under Forskingsdagane 23.september - 1.oktober 2022 kan du mellom anna få med deg Livet i havet-arrangement ved Runde Miljøsenter, biletforedrag om Shetlandsfararar i Fosnavåg, filmvising ved Hjørundfjord Filmteater på Sæbø og boklansering og omvisning på Bjørkedalen.

Det er stikkord for berre nokre av dei over 20 arrangementa under Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda (HVO) i år. Den offisielle opninga av Forskingsdagane 2022 finn stad fredag 23. september i biblioteket med utdeling av FoU-prisen ved HVO for 2022 til professor Helga Synnevåg Løvoll.

Hav

Kvart år vert det utforma eit overordna tema og slagord for Forskingsdagane på nasjonalt plan. I år er det nasjonale temaet «Hav».

– Gjennom Forskingsdagane ønskjer vi å vise fram mangfaldet i FoU-aktiviteten vi har ved Høgskulen i Volda. Det er arrangement som passar for både studentar og andre, seier koordinator og programansvarleg for Forskingsdagane i Volda, Geir Tangen.

SJÅ PROGRAMMET FOR FORSKINGSDAGANE HER

– Arrangementa har mange ulike formidlings- og uttrykksformer. Det er mellom anna  faglege foredrag og innlegg, seminar, shared reading, kafésamtale, filmframsyning og omvisning, seier ein godt nøgd Tangen og legg til at alle arrangementa er gratis og opne for alle.

Samarbeid lokalt og regionalt

I tillegg til arrangement ved Høgskulen i Volda, vert det arrangement på ulike stader i kommunane Volda, Ørsta, Herøy og Ålesund. Arrangementa går føre seg både på dag- og kveldstid. Som tidlegare år har Forskingsdagane eit godt samarbeid med lokale og regionale institusjonar og frivillige lag og organisasjonar. 

– Vi er svært takksame for engasjementet som vert vist frå alle desse og det gode samarbeidet vi har, seier Tangen.

Mange av dei fagleg tilsette ved høgskulen er også i sving for å sørge for at Forskingsdagane vert best mogleg.

– Vi har med svært mange fagpersonar, både frå høgskulen og eksterne, seier Tangen.

Oppmoding frå rektor

Rektor ved Høgskulen i Volda, Johann Roppen, er glad for å kunne vise fram ein del av forskings- og utviklingsarbeidet som vert gjort ved høgskulen, gjennom Forskingsdagane.

– Eg oppmodar nyfikne frå heile regionen om å plukke ut eitt eller fleire arrangement for å få innblikk i den varierte FoU-aktiviteten ved Høgskulen i Volda – og eg håper resultatet vert mange spennande samtalar om fag og forsking.
 

Del på