Forskingsdagane, onsdag 23. september

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Vi kan også melde at Dagens Næringsliv har kontakta høgskulelektor Erling Sivertsen på bakgrunn av forelesinga "Tenk deg en bank: om DnBs kamp med mediene om regien under bank-krisen".



Så til programmet for onsdag 23. september:

Førsteamanuensis Rune Kvalsund:
Innestengde i undervisningsrom, utestengde frå læring?
Om opplæringssituasjonen for særvilkårselevar i vidaregåande skule. Særskilt tilrettelagd opplæring

Stor interesse
Det er allereie vore stor interesse for dette prosjektet. – Faktisk har det ført til noko heilt konkret, seier Kvalsund og fortel om at det skal prøvast ut nye løysingsmåtar.
Og det er ikkje berre her i landet det har vore interesse for rapporten. Han har mellom anna vore med i ein OECD-rapport, og han har vorte brukt for å presentere resultat og konsekvens i Australia.
Dei har også fått høve til å reise til utlandet for å leggje fram resultat og konsekvensar som dei har funne.

Onsdag 23.9. kl. 17.00-18.30.
Berte Kanutte-huset, seminarrom BK-157







Høgskulelektor Torgeir Dimmen:
Kulturprosjekt og prosjektkultur: om retorikk, realitet, interesser og interessentar i ulike typar kulturprosjekt
Røynsler frå evalueringar av tre kulturprosjekt
Onsdag 23.9. kl. 19.00-20.00.
Berte Kanutte-huset, seminarrom BK-157

Hovudbibliotekar Frode Følling Birkeland:
Verda på forskarens arbeidsbord
Om bibliotek, internett, informasjonsteknologi og kunnskapskjelder. Vi plar seie: Måten ein forskar arbeider på, forandrar seg frå det eine semesteret til det neste. Frå biblioteket, eller frå sitt eige arbeidsbord, har han nå tilgang til heile verda. Kor langt stemmer dette,i praksis? Og blir det då bruk for bøkene, og for det fine nye biblioteket i Berte Kanutte-huset?I løpet av foredraget demonstrerer vi somme av dei elektroniske hjelpemidla som er mest sentrale for biblioteket og for forskaren, for dei som underviser og for dei som studerer.
Onsdag 23.9. kl. 19.15-20.00.
Berte Kanutte-huset, vesle auditorium BK-159

Høgskulelektor Erling Skaar:
Hvordan utnytte ny teknologi slik at man oppnår forståelse istedenfor fremmmedgjøring i naturfagundervisningen
Når lærer man mest - når man bruker dyre brukervennlige «svarte bokser» produsert i utlandet eller når man bruker egenprodusert, billig og forståelig utstyr utviklet i Volda?
Onsdag 23.9. kl. 20.15-21.15
Berte Kanutte-huset, seminarrom BK-157

Del på