Forskingskoordinatoren på plass

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Forskingskoordinatoren vil saman med FoU-konsulenten arbeide for å legge til rette for forskings- og utviklingsarbeid.

Viktige arbeidsoppgåver for forskingskoordinator vil m.a. vere:
- hjelp til utvikling av idear til nye forskingsprosjekt
- kople saman folk og idear
- koordinere søknadsprosessar
- stimulere til tverrfagleg samarbeid
- medverke til å utvikle gode strukturar for FoU, m.a. forskingsgrupper

Reidun Høydal er cand. philol. med hovudfag i historie. Ho kjenner forskingsmiljøet i Volda godt, då ho tidlegare har vore forskingskoordinator ved HVO/MFV. Det siste året har ho vore tilsett som forskar ved Møreforsking Volda.

Korleis kome i kontakt med forskingskoordinator?
Den endelege kontorplasseringa er enno ikkje klar, så inntil vidare vil Reidun Høydal ha kontor på Møreforskingspaviljongen. Du kan nå henne på tlf.nr. 70 07 52 09, på e-post: rh@hivolda.no eller stikke innom kontoret hennar.

Del på