Forskingsnytt

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Nye forskingsprosjekt
Noregs Forskingsråd (NFR) har tildelt prosjektmidlar i det nye «Velferdsprogrammet - samfunn, familie, oppvekst». I april 1999 vart mellom 600 og 700 innsende skisser vurderte av NFR. Voldamiljøet hadde 12 av desse skissene. Vel 120 skisser (fem frå Volda) vart valde ut av NFR og inviterte til å lage søknad. No i februar har forskingsrådet bestemt seg for å støtte vel 40 av prosjekta, tre av dei frå Voldamiljøet. Det er svært god utteljing for vårt miljø.

Det gjeld desse prosjekta:

Menneske med psykiske lidingar i små kommunar: Isolasjon eller integrasjon? Prosjektleiar: Tor-Johan Ekeland. Medarbeidar: Randi Bergem.

Lokale og kulturelle rammer for «velferdsstatens ungdomsroller». Prosjektleiar: Kåre Heggen. Medarbeidarar: Alf Roger Djupvik og Gunnar Jørgensen (Høgskulen i Sogn og Fjordane).

Vaksenliv på særvilkår? Vegen ut i samfunnet for elevar med særskild tilrettelegging i vidaregåande opplæring. Prosjektleiarar: Jon Olav Myklebust og Rune Kvalsund. Medarbeidar: Finn Ove Båtevik.


Reform 94 – særskilt tilrettelagd opplæring.
Rune Kvalsund og Jon Olav Myklebust har leidd eit samarbeidsprosjekt mellom HVO og MFV med tittelen Reform 94 – særskilt tilrettelagd opplæring.

jom-rk
Jon Olav Myklebust og Rune Kvalsund

Prosjektet starta hausten 1995 og skal vare til 01.01.2001. I eit brev til forskarane skriv KUF at dei «har lært mye og hatt stort utbytte av samarbeidet med kritiske og krevende forskere. Dette takker vi for. Samtidig ser vi fram til å kunne bruke den forskingsmessige kompetanse og innsikt som gjennom flere år er bygget opp for å dekke våre kunnskapsbehov på nye områder.» - Dette er ein blomst i knappholet både for forskarane og for Volda-miljøet, uttaler rektor Gunnar Stave.

Del på