Forskingsprosjektet om barn og media avslutta

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Pressekonferanse i biblioteket ved Høgskulen i Volda kl. 11.00.
- Prosjektet er no godkjent av programstyret for Velferdsprogrammet i Noregs Forskingsråd, seier Asbjørn Simonnes ved Høgskulen i Volda. Torsdag 29. april held han pressekonferanse saman med mellom anna rektor Gunnar Stave og Gudmund Gjelsten om nokre av dei funna dei har gjort. Sistnemte er forskar ved Bergbo Media, som også har vore involvert i prosjektet, i tillegg til førsteamanuensis Thor Arnfinn Kleven ved Pedagogisk forskingsinstitutt ved Universitetet i Oslo.

- Dette forskingsprosjektet, som fokuserer på spenningsfeltet elevar opplever ved å stå i ein dobbel påverking,både fråskulen ogfrå media sin ”parallelle skule”, har mange interessante funn som vi meiner er svært aktuelle å drøfte, fortel Simonnes.

Heile 541 elevar frå Volda og seks andre kommunar har fylt ut spørjeskjemaa. Av desse er 308 sjetteklassingar og 233 tiandeklassingar. Vi har dessutan gjennomført 47 djupintervju med elevar frå begge klassetrinna.

I tillegg har 111 personar,pedagogisk/administrativt personale ved skulane og lærarar som underviser i dei aktuelle klassane, fylt ut eit eige spørjeskjema.

42 pedagogisk/ administrativt personale og lærarar har vorte djupintervjua.

Eit spesielt spørjeskjema vart og sendt til alle foreldre.Nokre foreldre hadde barn på begge klassetrinna. 250 foreldre fylte ut spørjeskjemaet, og 31 foreldre er blitt djupintervjua.

Program for rapportmøte på Øyra skule

I tillegg til pressekonferansentorsdag 29.04. kl. 11.00,gjennomfører prosjektteamet eit rapportmøte på musikkromet, Øyra skule torsdag 29.04. kl. 18.00 med fylgjande programoppsett:

Kl. 18.00:Velkomst med kulturelt innslag frå Øyra skule.

Kl. 18.25:Asbjørn Simonnes og Gudmund Gjelsten:Presentasjon av hovudfunn i

prosjektet om barn og media, lokalt og totalt.

Kl. 19.25:Spørsmål og debatt omkring barn og unges rolle i dagens mediesamfunn..

Kl. 20.15: Avslutning.

Main findings (word.dokument)
Hovudfunn (word.dokument)

Lydbiletepresentasjon (PowerPoint.presentasjon)

Del på