Forskingsrådet løyver seks millionar til forskingsprosjekt

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

- Denne løyvinga er utan tvil ei fin fjør i hatten for historiemiljøet og den nye mastergraden i kulturmøte her ved Høgskulen i Volda. Ved høgskulen finst det eit solid miljø for forsking på lokalt og regionalt nivå. Dette gjeld ikkje minst innanfor samfunnsfaga og historie, seier professor Døssland.

dossland-meld
Professor Atle Døssland.

Prosjektet, som ein no har fått løyving til, fokuserer på ei etablert førestilling om at det i perioden ca. 1670 – 1870 fanst ei enkel kulturell todeling i det norske samfunnet – ein elitekultur der embetsmannsgruppa dominerte, og ein folkekultur dominert av bondegruppa.

- Vi set spørsmålsteikn ved eit slikt essensialistisk syn eller vil i det minste nyansere denne todelinga. For det første var både elitesjiktet og bondesjiktet langt meir mangfaldig enn denne tokulturlæra tilseier. Dei var også gjennomskorne av vertikale band, såkalla patron-klient-band. For det andre er vår hypotese at det fanst vesentlege regionale kulturskilnader, og dermed også skilnader i korleis kulturmøta arta seg. Prosjektet vil difor ha eit regionalt fokus. Teoriar og typologiar kring disiplinering, samfunnsorganisering og, ikkje minst, patron-klientrelasjonar vil vere nyttige reiskapar under tilnærminga, seier Døssland.

Delprosjekt
Prosjektet vil bli gjennomført som tre integrerte delprosjekt:

1. Embetmenns og bønders orienteringsverd, eigenoppfatning og kulturelle særtrekk – ein regional komparasjon. Delprosjektleiar: Knut Sprauten, Norsk lokalhistorisk institutt

2. Embetsmennene sine sosiale og økonomiske relasjonar i høve till bondesamfunnet. Delprosjektleiar: Arnfinn Kjelland, Historisk institutt

3. Maktbasis, maktutøving og regionale tilpassingar. Delprosjektleiarar: Birger Løvlie, Institutt for religion, livssyn og kristendom og Brynjulv Gjerdåker, Historisk institutt

Prosjektmedarbeidarar er ei gruppe fast tilsette ved Historisk institutt og Institutt for religion, livssyn og kristendom (RKL). I tillegg vil ein ha eit formalisert samarbeid med Norsk lokalhistorisk institutt.

- Forskinga vil likevel i størst omfang skje gjennom to utlyste doktorgradsstipend og eitt post. doc.-stipend. Det vert lagt opp til å kople masterstudentar ved masterprogrammet i kulturmøte på del- og underprosjekta frå hausten 2009. Prosjektet vil lyse ut stipend á kr 96000 pr oppgåve/studentårsverk. Det vert også ein nasjonal oppstartskonferanse hausten 2008 og ein internasjonal oppsummeringskonferanse i 2011, seier Døssland

Andre strategiske høgskuleprosjekt (SHP)
I fjor fekk HVO fem mill. til "Journalistikk i endring:  Ny teknologi, ny økonomi – nytt samfunnsoppdrag?".

Del på