Førsteamanuensis Arne Redse disputerte ved Misjonshøgskolen

Tekst: Webmaster Volda

I prosessen med å relatere seg til ei anna tru kan teologien utvikle betre forståing av aspekt ved sine eigne læresetningar. Det kan dreie seg om aspekt som har kome i gløymeboka. Eller det kan dreie seg om ting som trer fram tydelegare når ein får ein ny vegg å spele ballen mot, ein ny bakgrunnskontrast. Avhandlinga meiner å vise at nykonfutsianismen kan bidra til betre lys over mellom anna forståinga av spenninga mellom nåden og formaningane til gode gjeringar i den lutherske rettferdiggjeringslæra

Viktigaste målsetjinga med denne avhandlinga er å forsøke å kontekstualisere den lutherske rettferdiggjeringslæra endå betre innan kinesisk luthersk teologi. Arbeidet er avgrensa til å gjelde i den grad kinesiske kontekster er prega av nykonfutsianismen. Ei anna målsetjing er å undersøkje kva vestleg teologi og teologien generelt kan lære av dette kontekstualiseringsforsøket.

Kontekstualiseringsmetoden inkluderer som eit første steg ein kontekstsensitiv presentasjon av det kristne lærestykket som skal kontekstualiserast – den lutherske rettferdiggjeringslæra slik vi finn denne presentert i dei lutherske vedkjenningsskriftene.

 

Neste steg er presentasjon av konteksten, eller sider av denne – i dette studiet nykonfutsianismen slik den er representert ved fire nolevande konfutsianske lærde. Element som kan svare til rettferdiggjeringslæra og frelsestileigning, vert vektlagt. Det dreier seg ikkje minst om det ein kallar “sjølvkultivering”.

Siste delen av avhandlinga dreier seg om det spesifikke kontekstualiseringsarbeidet. Vala av kinesiske teikn for sentrale omgrep innan rettferdiggjeringslæra i noverande kinesisk, protestantisk språkbruk vert analyserte – det vil seie ordbruken i den mest brukte protestantiske bibelomsetjinga. Fellestrekk som kan fungere som kontaktpunkt og bruer for presentasjon av bodskapen i rettferdiggjeringslæra, vert trekte fram – for eksempel i forståinga av dygder som tru, kjærleik og rettferd, og i heilaggjeringa og tilsvarande konfutsiansk sjølvkultivering. Likevel er barrierane mange og tunge, noko som ikkje minst har sin grunn i det faktum av nykonfutsianismen ikkje oppfattar den yttarste røyndommen (det guddommelege) som personleg og fundamentalt transcendent. Den inkluderer heller ikkje nokon frelsar, eller noko omgrep liknande soning eller frelse ved nåde åleine.

De ordinære opponenter var:

professor Peter King Hung Lee, Hong Kong (førsteopponent)

professor Viggo Mortensen, Århus (annenopponent).

Førsteamanuensis Knut Alfsvåg, Misjonshøgskolen, har vært koordinator for komiteen.

Om doktoranden

Arne Redse er fødd 19.06.1950 i Volda. Han er cand.theol. ved Det teologiske Menighetsfakultet, Oslo. Avhandlinga tilhøyrer fagdisiplinen Misjonsteologi og er levert inn ved Misjonshøgskolen i Stavanger. Arne Redse arbeider i dag ved Institutt for kyrkjefag ved Høgskulen i Volda.

Del på