FoU-prisen for 2007 til Peder Haug

Tekst: Bente Gunn Lien

- Oppdatert

fou-pris2007_2

Professor Peder Haug er ein av dei mest aktive forskarane i Noreg  på området spesialundervisning og tilpassa opplæring. Peder Haug sit i det regjeringsoppnemnte utvalet som skal vurdere spesialundervisninga og det statlege spesialpedagogiske støttesystemet. Han var også forskingsleiar for Program for evaluering av Reform 97, i regi av Forskingsrådet. Denne evalueringa har truleg vore den største samla satsinga på forsking om grunnskulen nokon gang i Noreg. Evalueringa av Reform 97 har gitt viktig innsikt i korleis det står til i grunnskulen.

Peder Haug publiserer mykje i vitskaplege publiseringskanalar, og han driv aktiv formidling av forskinga i meir allmenne- og målretta kanalar (konferansar på ulike nivå, aviser, media elles). Han er utoverretta i formidlinga, og markerer seg og Høgskulen i den offentlege debatten. Høgskulen i Volda har fått tildelt mange store, viktige og eksternt finansierte prosjekt med Peder Haug som forskingsleiar.



 

Del på