FoU-prisen 2009 til Michael Schulte

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Michael Schulte får FoU-prisen for 2009 på grunn av sine mange forskingsarbeid med særs høg kvalitet. Forskinga hans har stor relevans for avdeling og fagmiljø ved HVO og med si omfattande internasjonale verksemd er han ein viktig pådrivar og inspirasjonskjelde.

Schulte er fødd i 1963 i Tyskland og tok doktorgraden i nordisk språkvitskap i 1997 ved Universitetet i Bonn. Han vart tilsett som førsteamanuensis i nordisk ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning ved HVO i januar 2007, og fekk opprykk til professor i 2008. Schulte sitt spesialfelt er norrønt og vestnordiske språk og kultur.

Han har dei seinare åra særleg konsentrert seg om språkhistorie og runologi, og er involvert i to store bokprosjekt. Boka Å skrive i runer: Runenes bidrag til vår skriftkultur er under utgjeving. Schulte er også med i det store språkhistorieprosjektet ved Universitetet i Bergen: En ny norsk språkhistorie: Norsk vikingtid (700-1050) som skal resultere i ein antologi på fire band.

Schulte har elles ein svært omfattande fagleg produksjon med ei rad artiklar på høgt internasjonalt nivå. Han er ein aktiv og engasjert forskar som er sentral i oppbygginga av eit miljø kring språkhistorie, skriftkultur og literacy-forsking både i Noreg og Skandinavia. Mellom anna er han med i redaksjonen for det internasjonale tidsskriftet NOWELE: North-Western European Language Evolution (Odense University Press).

Utdelinga føregår torsdag 24. september kl. 10.30 i biblioteket i Berte Kanutte-huset. Arrangementet er ein del av Forskingsdagane 2009 i Volda.

3ac6e8055387d5980f0e989e56b4f38c837f34b2

Det er styret for Høgskulen i Volda som tildeler FoU-prisen. Les meir her om FoU-prisen og tidlegare vinnarar.

dce481a55b8de41a15bddf384244f119f2d73c78

Del på