FoU-prisen 2010 til Tor-Johan Ekeland

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

I grunngjevinga vert det trekt fram at Tor-Johan Ekeland har hatt stor forskingsinnsats på høgt nivå gjennom mange år. Han har vore utdanningspolitisk aktiv og samfunnsengasjert, og han har stimulert til kritisk, akademisk debatt både i norske og nordiske fagmiljø. Styret konkluderer med at Tor-Johan Ekeland er ein særs verdig kandidat til FoU-prisen.

Tor-Johan Ekeland er utdanna psykolog frå Universitetet i Bergen i 1976. I 1979 vart han tilsett som amanuensis ved MRDH Volda. I 1986 fekk han opprykk til førsteamanuensis, og same året blei han vald til rektor ved MRDH Volda for perioden 1986–1990. Sidan 1997 har Ekeland vore professor i sosialpsykologi ved HVO.

I 1997 disputerte Ekeland ved Universitetet i Bergen (Institutt for samfunnspsykologi) med doktor-avhandlinga Meining som medisin. Ei analyse av placebofenomenet og implikasjonar for terapi og terapeutiske relasjonar.

Ekeland har arbeidd ved MRDH Volda og seinare Høgskulen i Volda, Institutt for sosialfag, i mesteparten av sin akademiske karriere bortsett frå ein periode på 2 år då han var tilsett ved Universitetet i Bergen. Han har vore professor II ved Høgskolen i Molde, og han har vore knytt til forskarskulen "Mental health in public health" ved Nordiska högskolan för folkhälsovetenskap i Gøteborg.

FoU-prisvinnaren har arbeidd med ungdoms- og velferdsforsking, familie- og skilsmisseforsking, konfliktforsking, behandlingsforsking, profesjonsforsking, psykiatri og samfunn. Han arbeider no med klinisk autonomi, brukarorientert samhandling og kunnskapsteori og praksis – i hovudsak relatert til psykisk helsevern. Ekeland er ein produktiv forfattar, og heilt sidan tidleg på 1980-talet har han publiserte ei rekkje fagbøker, lærebøker og artiklar.

Ekeland har også hatt sentrale verv i tilknyting til utdanning av sosialarbeidarar. Det siste arbeidet han har deltatt i, er utarbeiding av ein NOU om barnevernsutdanning: Kompetanseutvikling i barnevernet da50fbb5df4d7aa0a375c92dd3b50b58adc7877b(2009). Han var i fleire periodar med i Nasjonalt råd for sosialarbeidarutdanning og var svært sentral i utarbeidinga av nasjonale rammeplanar for desse utdanningane (barnevernspedagog-, sosionom- og vernepleieutdanning).

Meir om Tor-Johan Ekeland sine publikasjonar:

Bibsys Forskdok-listeda50fbb5df4d7aa0a375c92dd3b50b58adc7877b

Barns erfaringer med konfliktfylte samlivsbrudd: Problemforståelse og følelsesmessige reaksjonerda50fbb5df4d7aa0a375c92dd3b50b58adc7877b (Tidsskrift for Norsk Psykologforening, 5-2008)

Evidensbasert praksisda50fbb5df4d7aa0a375c92dd3b50b58adc7877b(Tidsskrift for Norsk Psykologforening, 4-2008)

1f91296cf50dbe49a90e3c38609fecee55b3e388     e5bf4f6485efc9f7306a9b3df77d50bcde7c6dba
   To av bøkene Tor-Johan Ekeland har publisert.


Del på