FoU-prisen 2011 til Historisk institutt

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Tekst: FoU-leiar, Reidun Høydal

5e6f1376c61a7daa0856910e92d20d14da95c84f
Eit utval av vinnarane av FoU-prisen frå Historisk institutt ved ASH utanfor Berte-Kanutte-huset. (foto: Helle Nærø)

I grunngjevinga for pristildelinga la styret vekt på at instituttet har høg fagleg kompetanse og stor forskingsaktivitet på område som er viktige for HVO. Instituttet har gjennom oppdragsforsking og frie forskingsmidlar tilført høgskulen vesentlege ressursar. Det gjeld arbeid for offentlege oppdragsgivarar, fylkeshistorie og lokalhistorie, det gjeld institusjonshistorie og historie knytt til regional utvikling og næringsliv. Mest omfattande er det strategiske høgskuleprosjektet (SHP) Kulturperspektiv på møte mellom bønder og embetsmenn. Av eksternt finansierte prosjekt dei siste 10 åra, er det naturleg også å nemne historia om havfiskeflåten (ferdig 2006), bygdeboksarbeid (Lesja, Volda, Sula, Lom), bidrag til Vestlandshistoria, arbeidet som no er i gang med Norges fiskeri- og kysthistorie og den nye Norgeshistoria som kjem til hausten.

Arbeid som er finansierte gjennom interne FoU-midlar femner vidt, frå middelalderhistorie til nyare internasjonal politikk, frå metodespørsmål i lokalhistorisk arbeid til spørsmål om lokal og nasjonal identitet, afrikansk slaveri, velferds- og misjonsarbeid, kulturmøte og kvinneperspektiv.

Ved Historisk institutt er det no 12 fagleg tilsette, av desse fem professorar, fire førsteamanuensar og tre stipendiatar:

Atle Døssland – Professor                
Brynjulv Gjerdåker – Professor                
Jens Johan Hyvik – Førsteamanuensis/post.doc.                
Arnfinn Kjelland – Førsteamanuensis                
Harald Krøvel – Stipendiat                
Arnljot Løseth – Professor                
Oddbjørn Melle – Professor                
Inger Marie Okkenhaug – Førsteamanuensis                
Hans Jacob Orning – Professor                
Marte Bogen Sinderud – Førsteamanuensis                
Harald Endre Tafjord – Stipendiat                
Mette Vårdal – Stipendiat                 

Del på